Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Forbrukarinformasjon >
Klagebehandling - oversikt over klagenemnder

Klagebehandling - oversikt over klagenemnder

Publisert: 24. juni 2016
Sist endret: 11. november 2022

Finanstilsynet er eit forvaltingsorgan (direktorat) og har ikkje myndigheit til å avgjere klager på føretak som er under vårt tilsyn. Det betyr at vi ikkje kan fatte vedtak som ein kunde kan bruke i saka si mot eit føretak.

Handtering av kundeklager på føretak under tilsyn

I utgangspunktet er det berre domstolane som har kompetansen til å avgjere ein tvist mellom kunden og føretaket. Dette føreset at saka blir brakt inn for rettssystemet. Dersom føretaket er medlem av Finansklagenemnda, kan ein forbrukar òg sende klaga si til behandling der. Avgjersler i Finansklagenemnda er ikkje bindande for føretaket, men dersom kunden får medhald i nemnda og føretaket ikkje følger opp avgjersla, må føretaket dekke kostnadene til kunden ved ei eventuell etterfølgande domstolsbehandling.

Dersom føretaket ikkje er medlem av Finansklagenemnda, kan du sende saka til mekling hos Forbrukartilsynet:

  • Klag til Forbrukertilsynet

Du skal likevel alltid sjølv først klage til føretaket. Dersom du ikke får medhald i føretaket, kan du sende saka til Finansklagenemnda eller Forbrukartilsynet. Føretaket skal informere deg om nemnda kan behandle saka.

Kontaktinformasjon til Finansklagenemnda:

Finansklagenemnda
Postboks 53 Skøyen
0212 OSLO
Tlf.: 23 13 19 60
Nettadresse: https://www.finkn.no/

Kontaktinformasjon til Forbrukartilsynet:

Forbrukartilsynet
Postboks 2862 Kjørbekk
3702 SKIEN
Tlf.: 23 400 600
Nettadresse: https://www.forbrukertilsynet.no/ 

Andre klageorgan for forbrukarar: 

  • Reklamasjonsnemnda for Eiendomsmeglingstjenester
  • Klagenemnda for forsikrings- og gjenforsikringsmeglingsvirksomhet
  • Verdipapirforetakenes forbund - Etisk råd 
  • Norsk Kapitalforvalterforenings Klageordning
  • Diskrimineringsnemnda

Relatert innhald

  • Retningslinjer for klagebehandling i bank-, finans-, forsikrings- og verdipapirverksemd

Meir informasjon

  • Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
  • Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
  • Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
  • Sikringsordningar og garantiordningar
  • Verksemdsregister
  • Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
  • Informasjon om Finanstilsynet

Finansportalen

Finansportalen er ei teneste frå Forbrukarrådet for kundar som vil samanlikne tilboda i marknaden for banktenester, forsikringsprodukt, investering og pengeoverføring til utlandet.

  • Finansportalen (finansportalen.no)

Nyttige lenker

  • Annan forbrukarinformasjon

Kontakt

Jo Gjedrem

Tlf: 22 93 96 61

E-post

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972