Forside Kontakt oss

Kontakt medarbeidarar i Finanstilsynet

Dersom du kjenner det tresifra internnummeret til personen du skal snakke med hos Finanstilsynet, tast 22 93 9 + dei tre sifra.

E-postadressa til kvar enkelt medarbeidar består av fornamn.etternamn@finanstilsynet.no.

Finanstilsynets nettsider

Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonsdirektør Kjetil Karsrud
Internettredaktør: Spesialrådgivar Børge Ulekleiv
Alle førespurnader om nettsidene skal rettast til Kjetil Karsrud.

Elektronisk faktura og fakturaadresse

Vi oppmodar alle leverandørane våre som ikkje har teke i bruk faktura i elektronisk handelsformat (EHF), til å gjere dette. Informasjon om elektroniske fakturaer finn dykk her:

Finanstilsynets fakturaadresse:
Finanstilsynet
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim

Førespurnaden din kan bli offentleg

Ver merksam på at førespurnader til ei offentleg verksemd som Finanstilsynet blir behandla i samsvar med føresegnene i offentlegslova (lov 19. mai 2006 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd). Dette betyr at du må rekne med at innhaldet i meldinga di vanlegvis vil kunne bli offentleg tilgjengeleg.

Er du forbrukar? Les dette før du kontaktar Finanstilsynet.

Elektronisk innsending av informasjon til Finanstilsynet

Konsesjonssøknader og andre dokument kan sendast til Finanstilsynet som vedlegg til e-postadressa post@finanstilsynet.no. Finanstilsynet krev ikkje at politiattestar og andre relevante vedlegg skal sendast i original eller stadfesta kopi. Eventuelle forsøk på dokumentfalsk vil bli meldt.

Finanstilsynet gjer merksam på at e-post med vedlegg er å betrakte som ein open kanal. Det same gjeld telefaks. Avsendar må derfor sjølv velje sikkerheitsnivå for forsendinga si. Søknader og dokumentasjon kan òg framleis sendast i ordinær post, eventuelt med bod. 

Korleis sende kryptert e-post til Finanstilsynet
Alle føretak har nå moglegheit til å utveksle kryptert e-post med Finanstilsynet. Det er ikkje nødvendig å installere programvare verken hos avsendar eller mottakar. Ta kontakt med Finanstilsynet første gongen føretaket vil sende kryptert e-post. Finanstilsynet vil då sende ein kryptert e-post til føretaket. Ved å svare på denne e-posten vil e-post frå føretaket til Finanstilsynet bli kryptert.

Mottakaren av ein kryptert e-post frå Finanstilsynet må første gongen registrere seg med brukarnamn og passord.

Opningstider sentralbord

Telefon:
22 93 98 00
Kl. 08.00 - 16.00

Resepsjonen:
15. september til 14. mai:
kl. 08.00 - 15.45

15. mai til 14. september:
kl. 08.00 - 15.00

Adresser

Besøksadresse:
Revierstredet 3
0151 Oslo

Postadresse:
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo

E-post: 
post@finanstilsynet.no

Organisasjonsnummer: 
840 747 972