Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Presse >
Offentleg postjournal og innsyn

Offentleg postjournal og innsyn

Publisert: 27. mars 2017
Sist endret: 8. november 2022

Finanstilsynet publiserer postjournalane sine på eInnsyn, ei publiseringsteneste for statlege verksemder og Oslo kommune.

Finanstilsynet publiserer den offentlege journalen sin kvar onsdag for føregåande veke. Innsyn kan bestillast direkte frå eInnsyn.

  • eInnsyn  

Aktuelle lover

  • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
  • Lov om tilsynet med finansforetak mv. (finanstilsynslova)

Unntak frå offentlegheit

Hovudregelen til offentleglova er at dokumenta til forvaltinga er offentlege så langt det ikkje er gjort unntak i lova eller i medhald av lova. Alle dokumenta som er unntekne frå offentlegheita, er påførte lovheimel for unntaket.

  • Offentleglova § 3 

Meiroffentlegheit

Alle forvaltingsorgan har plikt til å vurdere om eit dokument likevel bør kunne gjerast kjend heilt eller delvis, sjølv om det etter føresegner i lova kan unntakast frå offentlegheita. Alle kan derfor søke om innsyn i eit dokument sjølv om det er unnteke frå offentlegheita.

  • Offentleglova § 11

Klage på avslag

Klage på avslag på krav om innsyn skal først sendast til det forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Vedkommande som har fått avslaget, kan så klage på avslaget til det forvaltingsorganet som er det nærmaste overordna til forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet som meldinga om vedtaket er motteke.

  • Offentleglova § 32
  • Forvaltingslova § 29

________

Teknisk feil i registreringa av enkelte journalpostar

På grunn av ein teknisk feil er det enkelte saker med journalpostar mellom november 2021 og mars 2022 som har to oppføringar på eInnsyn. Ved søk på éi sak får ein då to treff. For å få overblikk over heile saka, må ein opne begge treffa. Vi beklagar dette.

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972