Forside Om Finanstilsynet

Om Finanstilsynet

Finanstilsynet er eit sjølvstendig myndigheitsorgan som arbeider med grunnlag i lover og vedtak frå Stortinget, Regjeringa og Finansdepartementet. Finanstilsynet deltek òg i eit omfattande internasjonalt samarbeid. Gjennom EØS-avtalen blir finansmarknadsregelverket til EU gjennomførd i norsk rett.

Rolla og oppgåvene

Hovudmålet til Finanstilsynet er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader.

Gjennom tilsyn med føretak og marknader skal Finanstilsynet bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader, og til at brukarane kan ha tillit til at finansielle avtalar og tenester blir følgde opp slik dei skal.

Finansiell stabilitet vil seie at det finansielle systemet kan handtere forstyrringar og uventa hendingar, og at det kan utføre funksjonane sine, slik at det ikkje oppstår store, negative konsekvensar for resten av økonomien og for forbrukarane.

Velfungerande marknader bidreg til at kapital og risiko blir effektivt fordelt og prisa. Det er ein nær samanheng mellom finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Utan finansiell stabilitet kan ikkje marknadene fordele kapital og risiko på ein effektiv måte. Dersom denne fordelinga ikkje fungerer som ho skal, og risikoen blir feilprisa, kan det skape finansiell ustabilitet.

Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er nødvendig for å sikre tillit til det finansielle systemet, sørgje for ei stabil økonomisk utvikling og beskytte brukarane av finansielle tenester.

Tilsynet med finanssektoren

Finanstilsynet kontrollerer korleis føretaka driv verksemda i finansmarknaden, om dei er solide og kan tole skiftande økonomiske forhold, og om dei har eit akseptabelt risikonivå. Tilsynet vurderer om styret og leiinga er skikka til å ta det ansvaret dei har, men det er styret og leiinga i det enkelte føretaket som har ansvaret for forretningsdrifta.

Det finansielle systemet sørgjer for å fordele kapitalen og risikoen og varetek betalings- og oppgjersfunksjonane. Solide finansinstitusjonar og velfungerande finans- og verdipapirmarknader er nødvendig for at desse funksjonane skal bli sikra på ein god måte.

Regulering og tilsyn skal bidra til at brukarane får korrekt og nok informasjon, slik at dei forstår risikoen ved vala dei gjer, anten dei er innskytarar, lån­takarar, investorar, utskrivarar, forsikringstakarar eller brukarar av andre tenester frå føretak under tilsyn.

Forbrukarvern

Forbrukarvern står sentralt i lovreguleringa av finansmarknaden og i tilsynet med ulike tilbydarar av finansielle tenester innanfor bank-, forsikrings- og verdipapirmarknaden. Solide og likvide finansinstitusjonar og velfungerande finansmarknader er grunnleggjande forbrukarinteresser, både for fellesskapet og for enkeltmennesket. Samtidig er det viktig at forbrukarane har eit godt vern når dei kjøper og sel finansprodukt og eigedom, og at dei kan basere avgjerdene sine på god informasjon og nøytral rådgiving.

Tilsynsområda

Tilsynsansvaret til Finanstilsynet er omfattande og inkluderer finanssektoren med bank-, forsikrings- og verdipapirverksemd. I tillegg dekkjer tilsynet eigedomsmekling, inkasso-, revisor- og rekneskapsførarverksemd.

Bank og finans
Bankane er sentrale aktørar i det finansielle systemet. Regulering og tilsyn er viktig for å bidra til å sikre tillit til det finansielle systemet og finansiell stabilitet. Tilsynet med bankar og andre kredittinstitusjonar skal bidra til solide institusjonar med god risikovurdering, styring og kontroll. Finansielle tenester skal ytast etter gjeldande regel­verk til beste for samfunnet og brukarane.

Forsikring og pensjon
Tilsynsverksemda skal bidra til at forsikringsføretaka og pensjonsføretaka er solide og risikobevisste, og at dei har god styring og kontroll. Regulering og tilsyn er viktig for å sikre rettane til kundane i forsikrings- og pensjonskontraktar og for å skape allmenn tillit i marknaden. Tilsynet omfattar òg forsikringsformidling.

Verdipapirmarknaden
Det overordna målet for regulering og tilsyn med verdipapirmarknaden er at marknaden skal fungere godt som kapi­talkjelde for næringslivet og som grunnlag for investeringsverksemd og sparing. Tilsynet omfattar så vel drifta og den finansielle stillinga til aktørane som det at verksemdsreglane og dei generelle åtferdsreglane blir følgde. Kontroll med finansiell rådgiving er ein viktig del av tilsynet.

Prospektkontroll
Det skal utarbeidast prospekt ved tilbod om å teikne eller kjøpe verdipapir i den norske verdipapirmarknaden. Det same gjeld ved opptak til notering av verdipapir og kapitalforhøgingar i føretak på norsk regulert marknad. Finanstilsynet kontrollerer at prospekta inneheld dei opplysningane som følgjer av regelverket.

Rekneskapstilsyn
Det overordna målet med rekneskapstilsynet er å sikre ein meir effektiv verdipapirmarknad. Finanstilsynet fører tilsyn med at rekneskapane til noterte føretak blir avlagde i tråd med rekneskapskrava og dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS). Kontrollen omfattar alle norskregistrerte føretak som er noterte på ein regulert marknad/børs i Noreg eller andre EØS-land, og dekkjer rapporteringa til føretaka, som årsrekneskap på konsern- og selskapsnivå.

Revisorar
Revisorar og revisjonsselskap må ha løyve frå Finanstilsynet. Finanstilsynet kontrollerer at revisorar er uavhengige og utfører arbeidet på ein tilfredsstillande måte og i samsvar med regelverket og god revisjonsskikk. Revisorbransjen består av nokre få store internasjonale selskap og mange mindre revisjonsselskap.

Rekneskapsførarar
Rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap må ha løyve frå Finanstilsynet. Tilsynet omfattar kontroll av at verksemda blir driven i samsvar med regelverket og god rekneskapsføringsskikk.

Eigedomsmekling
Eigedomsmeklarar og eigedomsmeklarføretak må ha løyve frå Finanstilsynet. Finanstilsynet kontrollerer at meklinga følgjer regelverket og er i samsvar med god meklarskikk. Tilsynet omfattar føretak, inkludert bustadbyggjelag, som har løyve til å drive eigedomsmekling, og advokatar som har stilt sikkerheit for eigedomsmekling. Tilsynet rettar seg særleg mot føretak som tilbyr bustadformidling for forbrukarar.

Inkassoverksemd
Inkassoføretak må ha løyve frå Finanstilsynet. Tilsynet med inkassoverksemd skal bidra til at verksemda blir driven i tråd med regelverket og god inkassoskikk. Tilsynet dekkjer føretak som driv inn forfalne pengekrav for andre, og føretak som kjøper opp forfalne pengekrav og driv dei inn.

Tilsyn med IKT og system for betalingstenester
Finanstilsynet har tilsyn med korleis finansføretaka bruker IKT og systema for betalingstenester. Tilsynet skal bidra til at føretaka oppfyller nødvendige sikkerheitskrav, og at IKT-verksemda er i samsvar med regelverket. Finanstilsynet følgjer opp at betalingstenestene til finansføretaka – som nettbankar og betalingsterminalar – er trygge og stabile.

Tiltak mot kvitvasking
Finanstilsynet gir føretak under tilsyn rettleiing om regelverket for tiltak mot kvitvasking og kontrollerer at føretaka rettar seg etter reglane. Regelverket blir harmonisert med EU-krav og internasjonale standardar, som òg omfattar tiltak mot terrorfinansiering. Finanstilsynet samarbeider med ØKOKRIM om nettstaden hvitvasking.no.

Slik arbeider Finanstilsynet

Arbeidet til Finanstilsynet er i stor grad prega av dialog med føretak under tilsyn, både gjennom bransjeorganisasjonar, møte og annan kontakt med dei ulike føretaka. Det gir rom for å utveksle informasjon og skape forståing for krava Finanstilsynet stiller til føretaka.

Tilsyn og overvaking
Finanstilsynet følgjer opp at føretaka etterlever regelverka og retningslinjene. Tilsynet skjer gjennom innrapportering og analysar av data, ved stadlege tilsyn i føretaka eller meir spesifikke tematilsyn. I tillegg vurderer Finanstilsynet regelmessig makroøkonomiske forhold og andre utviklingstrekk som kan utgjere ein risiko for den finansielle stabiliteten i den norske marknaden. Det blir gjort jamlege analysar av risikoen som bankar og andre aktørar står overfor, og av moglege kjelder til framtidige stabilitetsproblem i det norske finansielle systemet.

Forvalting
Finanstilsynet forvaltar regelverket for godkjenningar og krav til konsesjon i alle delar av finanssektoren. Alle som ønskjer å starte verksemd i Noreg innanfor ansvarsområda til Finanstilsynet, må søkje om løyve. Dersom tilsynet oppdagar feil og regelbrot hos føretaka, blir dei pålagde å rette opp i tråd med konsesjonskrava. Ved alvorlege avvik kan Finanstilsynet trekkje tilbake konsesjonen.

Regelverksutvikling
Regelverksutvikling skal fremje økonomiske og marknadsmessige rammevilkår som bidreg til lønnsame og konkurransedyktige verksemder. Regelverket gir rammer så føretaka blir drivne på ein solid måte, og det skal gi godt vern til dei som bruker finansielle tenester. Tilsynsarbeidet omfattar utvikling og harmonisering av regelverk og arbeid med å lage forslag til lover og forskrifter. Finanstilsynet samarbeider med utanlandske tilsynsmyndigheiter og organisasjonar om regelverksutvikling. Dette arbeidet er viktig, både for å påverke og for å få ei best mogleg forståing av grunnlaget for internasjonale reglar. Det meste av regelverket som gjeld for norske finansinstitusjonar, er basert på EU-regelverk. Dette arbeidet er blitt både større og viktigare.

Kommunikasjon og samarbeid
Finanstilsynet legg vekt på at tilsynsverksemda er føreseieleg, og at informasjon om rammevilkår og regelverk er lett tilgjengeleg og tydeleg formidla. Informasjon skal hjelpe aktørane i finansmarknaden til å etterleve regelverket. Derfor er òg informasjon og kommunikasjon rundt vedtak, merknader, regelverksendringar og andre avgjerder viktig i tilsynsarbeidet. Finanstilsynet samarbeider med ei rekkje andre myndigheiter og organisasjonar i Noreg og internasjonalt.

Verksemder under tilsyn

  • Bankar
  • Kredittføretak
  • Finansieringsføretak
  • Betalingsføretak
  • E-pengeføretak
  • Forsikringsføretak
  • Forsikringsformidlingsføretak
  • Pensjonsføretak
  • Holdingføretak i finanskonsern
  • Verdipapirføretak
  • Forvaltingsselskap for verdipapirfond
  • Forvaltarar av alternative investeringsfond
  • Regulerte marknader
  • Sentrale motpartar (tidlegare oppgjerssentralar)
  • Depotmottakarar for alternative investeringsfond (AIF)
  • Verdipapirregister
  • Eigedomsmeklarar
  • Eigedomsmeklingsføretak
  • Inkassoføretak
  • Innehavarar av inkassoløyve
  • Revisorar
  • Revisjonsselskap
  • Rekneskapsførarar
  • Rekneskapsførarselskap

I tillegg har Finanstilsynet ansvar for:

  • Åtferdsreglane i verdipapirmarknaden
  • Rekneskapstilsyn – noterte føretak
  • Prospektkontroll – omsetjelege verdipapir
  • Tilsyn med system for betalingstenester