Forside Om Finanstilsynet Internasjonalt samarbeid

Internasjonalt samarbeid

Internasjonalt samarbeid er viktig for å kunne føre eit relevant og effektivt tilsyn med ein stadig meir integrert finanssektor. Felles prinsipp og reglar for finansnæringa blir òg utarbeidd internasjonalt. Finanstilsynet samarbeider tett med finanstilsynsmyndigheiter innanfor EØS om både tilsyn og regelverksutvikling. Vi deltek òg i nokon grad i det globale tilsynsarbeidet.

Det internasjonale samarbeidet vårt omfattar både verdipapirmarknaden, bank- og finanssektoren, forsikrings- og pensjonssektoren og rekneskaps- og revisjonsområdet.

Tilsynssamarbeid i EU/EØS

Tilsynssamarbeidet med EU/EØS er spesielt viktig for Noreg. Det er to grunnar til dette: 

  1. EUs regelverk på finansområdet vil som regel bli norske reglar. Finanstilsynet har moglegheit til å delta i ein tidleg fase når EU-reglane blir utarbeidd, og kan gjennom det bidra til at reglane blir relevante for Noreg òg.
  2. Finansinstitusjonar i EØS opererer i utstrakt grad på tvers av landegrensene. Det er derfor viktig med god samordning mellom nasjonale tilsyn både med den enkelte finansinstitusjon og finansmarknaden generelt.

Nordisk tilsynssamarbeid

Finanstilsynet legg vekt på å ha eit godt samarbeid med tilsyna i dei andre nordiske landa, og har inngått ei felles samarbeidsavtale med dei andre nordiske tilsyna i tillegg til individuelle samarbeidsavtaler knytte til tilsynet med særskilde finansgrupper.

I tillegg til årlege nordiske møte på leiarnivå, blir det arrangert årlege møte på avdelingsnivå innanfor dei ulike sektorane og innanfor det administrative området. Finanstilsynet deltek òg i ei rekke møte med nordiske kollegaer i tilknyting til samarbeidet om tilsynet med dei nordiske finanskonserna, og det blir gjennomførd felles inspeksjonar i dei nordiske konserna.

Sidan 2005 har det òg vore regelmessige møte mellom revisortilsynsmyndigheitene i Sverige, Danmark, Finland og Noreg. Møta viser at det òg på revisjonsområdet er nyttig med nærare kontakt og samarbeid, ikkje minst for å drøfte spørsmål i samband med gjennomføringa av EUs revisjonsdirektiv.

Anna internasjonalt/globalt tilsynssamarbeid


Verdipapirmarknaden
Finanstilsynet er medlem av International Organization of Securities Commissions (IOSCO), som har vedteke ei rekke resolusjonar som Finanstilsynet har slutta seg til. Under IOSCO er Finanstilsynet medlem av Den europeiske regionalkomiteen, som har møte to gongar i året. Finanstilsynet deltek òg i ei arbeidsgruppe under den tekniske komiteen som arbeider med handheving av IOSCO-resolusjonane, og samarbeider om spørsmål knytte til overvaking, undersøkingar, etterforsking og forfølging av straffbare forhold.

IOSCO har utarbeidd ei multilateral avtale om samarbeid og informasjonsutveksling over landegrensene (Multilateral Memorandum of Understanding – MMoU), som Kredittilsynet inngjekk i 2006.

Finanstilsynet er òg medlem av Enlarged Contact Group for Supervisors of Collective Investment Funds (ECG) som har møte éin gong i året. Enlarged Contact Group er eit globalt forum for tilsynsmyndigheiter for verdipapirfond. Hovudformålet for gruppa er å utveksle erfaringar og informasjon knytte til tilsynet med verdipapirfond.

Pensjons- og forsikringsverksemd
Finanstilsynet er medlem av International Association of Insurance Supervisors (IAIS) og deltek der i utviklinga av internasjonale prinsipp for tilsyn med forsikringsverksemd. Finanstilsynet deltek på årsmøtet i IAIS og er representert i den tekniske komiteen som har det overordna ansvaret for standardsettinga.

Finanstilsynet er òg medlem av International Organization of Pensions Supervisors (IOPS) som arbeider med å utvikle standardar for regulering og tilsyn med private pensjonar.

Bankar og finansinstitusjonar
Innanfor banktilsyn er det ikkje etablert nokon global medlemsorganisasjon som IOSCO og IAIS. Baselkomiteen for banktilsyn under Bank for International Settlements utarbeider internasjonale standardar for banksektoren og koordinerer det globale samarbeidet innanfor banktilsyn. Finanstilsynet følger arbeidet i Baselkomiteen.

Financial Stability Board har etablert Regional Consultative Group for Europe. Her deltek finansdepartement, sentralbankar og finanstilsyn frå ei rekke europeiske land, inkludert Noreg.

Finanstilsynet deltek i møta i OECDs kapitalmarknadskomité.

Revisorar
I 2006 blei det oppretta eit internasjonalt organ for revisortilsyn, International Forum of Independent Audit Regulators (IFIAR). Formålet med IFIAR er mellom anna å vere eit kontaktforum mellom tilsynsmyndigheitene i ulike land og å bidra til kunnskapsdeling om bransjen, praktisk regulerings- og tilsynsarbeid m.m. Finanstilsynet er medlem av IFIAR.

Tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering
Finanstilsynet deltek i den internasjonale koordineringa av tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet er representert i møta i FATF (Financial Action Task Force), som utviklar felles internasjonale tilrådingar for tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet deltek òg i FATFs arbeidsgruppe mot terrorfinansiering og samarbeider med FN på dette området.

IKT
Finanstilsynet deltek i fleire internasjonale organ og EU-organ som ledd i arbeidet med IKT-sikkerheit (mellom anna Information Technology Supervisors Group og den internasjonale dataforeininga IFIPs gruppe for sikkerheit). Finanstilsynet deltek i ESRIF (European Security Research and Innovation Forum), eit EU-organ knytt til sikkerheit.