Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Tema >
Finanstilsyn og regelverk i EØS >
Regelverksarbeidet i EØS

Regelverksarbeidet i EØS

Sist publisert: 28. oktober 2021

Regelverkshierarkiet i EU

Dei overordna og prinsipielle regelverka i EU blir kalla hovudrettsakter, basisrettsakter eller nivå 1-reglar. Dette tilsvarer norske lover. EU-rådet og EU-parlamentet vedtek slike regelverk basert på forslag frå EU-kommisjonen. Reglane blir fastsette enten som direktiv eller forordningar.

Direktiv skal gjennomførast i nasjonalt regelverk i alle medlemslanda. Forordningar blir direkte gjeldande for innbyggarane i heile EU. Eksempel på nivå 1-reglar for finansmarknadene er CRD IV og CRR (kapitalkrav for bankar), IDD (distribusjon av forsikringstenester), MiFID (marknaden for finansielle instrument), EMIR (infrastruktur i finansmarknadene) og Solvens II (kapitalkrav for forsikringsføretak).

Nivå 1-reglane kan gi heimel for Kommisjonen til å fastsette utfyllande føresegner. Slike utfyllande føresegner blir omtalte i EU som nivå 2-reglar og tilsvarer norske forskrifter. Dei blir som regel fastsette som forordningar.

EØS-avtalen regulerer korleis EU-reglar, både nivå 1 og 2, skal forplikte Noreg, Island og Liechtenstein ved at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen. Sjå meir informasjon lenger ned.

EBA, ESMA og EIOPA fastset retningslinjer om korleis regelverk bør handhevast eller korleis tilsyn bør utøvast. Dette blir omtalt som nivå 3-regelverk og er ikkje bindande. Nasjonalstatlege finanstilsyn skal informere EBA, ESMA og EIOPA om retningslinjene vil bli følgde eller ikkje. Retningslinjene frå finanstilsyna i EU som er relevante å kjenne til for norske aktørar, blir publiserte på nettstaden til Finanstilsynet. Dei omfattar:

  • EBA-retningslinjer
  • EIOPA-retningslinjer
  • ESMA-retningslinjer

EØS-prosessen – frå EU-regelverk til norsk rett

Når EU har vedteke eit regelverk, må EFTA-landa vurdere om verkeområdet for reglane ligg innanfor EØS-avtalen. I så fall skal reglane takast inn i EØS-avtalen og dermed forplikte EØS/EFTA-landa til å gjennomføre føresegnene nasjonalt. Det meste av regelverket på finansområdet er omfatta av EØS-avtalen.

Det er EØS-komiteen som vedtek om det skal innlemme eit nytt EU-regelverk i EØS-avtalen. Komiteen består av representantar frå EU og EØS/EFTA. I EEA-Lex kan ein søke på om ein EU-regel er teken inn i EØS-avtalen:

  • EEA-lex

Det kan vere behov for å tilpasse EU-reglar når dei skal bli innlemma i EØS-avtalen. Ein del tilpassingar følger automatisk av protokoll 1 til EØS-avtalen, som at "EU-medlemsland" skal tolkast som "EØS-medlemsland". Det er òg tilfelle der EØS/EFTA-landa meiner EU og EFTA må forhandle om kva for tilpassingar dei må gjere før ein EU-regel kan inngå i EØS-avtalen.

Det er først når reglane er gjennomførde i norsk rett som lov eller forskrift at regelverket vil gjelde for norske innbyggarar og føretak.

Forordningar skal gjennomførast i norsk regelverk "ord-for-ord". Dette skjer ved "inkorporasjon", som vil seie at den norske lov- eller forskriftsteksten viser til forordninga (i EØS-tilpassa form) som skal gjelde som grunnlag for den norske lova eller forskrifta.

EU-direktiv er ofte meir generelt utforma, og både Noreg og andre EØS-land har større fleksibilitet når dei skal gjennomføre reglane nasjonalt.

Meir informasjon om EØS

På nettstaden til EFTA er det meir informasjon om EØS-avtalen, og avtaletekstar og oppdaterte vedlegg med rettsaktene som er tekne inn i EØS-avtalen. Sjå òg EØS-handboka og nettstaden til Utanriksdepartementet.

På Europalov.no kan ein følge rettsaktene frå forslag i EU gjennom saksgangen i EU-institusjonane og EØS-organa til dei er gjennomførde og har trådd i kraft i norsk rett.

  • EFTA - European Free Trade Association
  • Regjeringen.no - temaside om EØS
  • EØS-håndboken
  • Europalov

Korleis finne fram i reglane?

EUR-Lex er den viktigaste databasen for EU-regelverk. Her er alt regelverket som EU har vedteke.

  • EUR-Lex

Når det er endringar i regelverket på finansområdet, skjer dei i forordningane. Den norske lova eller forskrifta blir berre endra ved at det blir sett inn ei tilvising til endringa i forordninga. For å få eit fullstendig bilete av gjeldande reglar, må ein derfor sjå på:

  • den opprinnelege forordninga
  • eventuelle endringsforordningar
  • eventuell tilpassingstekstar til den opprinnelege forordninga og endringsforordninga
  • generelle tilpassingar i Protokoll 1

Dersom du ønsker informasjon om ein spesiell EU-rettsakt, kan du søke i EØS-notatbasen til Regjeringa:

  • EØS-notatbasen
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less