Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
Finansiell rapportering

Finansiell rapportering

Rapportere

Sist publisert: 26. mars 2024

Føretak som er noterte på regulert marknad med Noreg som heimstat har plikt til å offentleggjere og lagre finansiell rapportering. Finanstilsynet følger opp denne plikta. Finanstilsynet innhentar òg eigenrapportering frå føretaka.

Offentleggjering, lagring og rapporteringsformat

Den periodiske finansielle rapporteringa skal offentleggjerast gjennom media, som innanfor rimelege grenser kan forventast å sørgja for at opplysningane når ut til offentlegheita i heile EØS-området. Sjå nærare reglar om dette i vphl. § 5-12, jf. verdipapirforskrifta § 5-9. Det vanlege er å offentleggjera via ein nyheitsdistributør.

Samtidig som rapporteringa blir offentleggjord, skal ho sendast elektronisk til Oslo Børs, som er utpeika som offisiell lagringsmekanisme (OAM). Lagringsmekanismen i Noreg finst på NewsWeb. Finanstilsynet gjer merksam på at heile rapporteringa må lagrast direkte i OAM. Det er ikkje tilstrekkeleg å lagra ei lenkje til ei anna nettside kvar rapporteringa er tilgjengeleg.

Den lovfesta innsendinga til Finanstilsynet som følgjer av vphl. § 5-12 andre ledd, blir rekna oppfylt ved lagring i OAM. Dette gjeld både år- og halvårsrapportering.

Heile årsrapporten skal utarbeidast på XHTML-format (Extensible Hypertext Markup Language), jf. verdipapirforskrifta § 5-13. Konsernrekneskap som blir utarbeidd i samsvar med IFRS, må også merkast i samsvar med gjeldande ESEF-taksonomi. For konsernrekneskap som gjeld rekneskapsåret 2021, må  oppstillingane over resultat, balanse, kontantstraum og eigenkapital merkast. For konsernrekneskap som gjeld frå og med rekneskapsåret 2022, må også notane merkast.

Taksonomien blir publisert av ESMA og blir oppdatert årleg. Formålet er mellom anna å spegla nye og endra IFRS-standardar eller forbetringar i den generelle innhaldet eller teknologien til IFRS-taksonomien. Finanstilsynet legg til grunn at utferdarane nyttar den siste oppdaterte versjonen av taksonomien.

  • Verdipapirhandellova

Lovbrotsgebyr, suspensjon og stans av handel

Finanstilsynet kan gi føretaket lovbrotsgebyr dersom den finansielle rapporteringa eller rapporteringa i føretaket om betaling til styresmakter ikkje er i samsvar med lov eller forskrift. Tilsvarande gjeld dersom føretaket bryt reglane om revisjonsutval. Dette gjeld utskrivarar av omsettelege verdipapir notert på Oslo Børs og Euronext Expand som har Noreg som heimstat.

  • Meir om lovbrotsgebyr, suspensjon og stans av handel

Unntak frå visse rapporteringskrav for tredjelandsutskrivarar/ekvivalensvurdering

Finanstilsynet har konkludert med at visse rapporteringskrav i USA (relatert til Form 20-F) er ekvivalente til visse krav i norsk lovgiving som innlemmer rapporteringsdirektivet. Som ei følge av dette, har Finanstilsynet gitt tredjelandsutskrivarara noterte i USA og på Oslo Børs med Noreg som heimstat i EØS-området unntak frå nokre krav i årsrapporten.

Sjølv om Finanstilsynet har konkludert med ekvivalens, må utskrivarar som ønsker å nytte seg av rapporteringskrava i USA, søke om unntak til Finanstilsynet.

Heimstat

Etter rapporteringsdirektivet skal utferdarar av omsettelege verdipapir noterte på regulert marknad i EØS ha ein heimstat.

  • Meir om heim- og vertsstatsregulering  

 

Rapportering

  • Veiledning (01.07.2022): Periodisk finansiell rapportering – informasjon til tredjelandsutstedere (pdf)
  • Krav om elektronisk rapporteringsformat for noterte foretak (ESEF)
  • Revisjonsutvalgets vesentlighetsvurderinger
  • Kartlegging av revisjonsutvalg
  • ESMA – Informasjonsvideo om European Single Electronic Format
  • ESMA – taksonomi og informasjonsvideo om European Single Electronic Format
  • Veiledning om egenrapportering for foretak underlagt regnskapskontroll (KRT-1003)

Offentlege brev

  • Offentlige brev – kontroll av finansiell rapportering
  • Offentlige brev – rapportering

Kontakt

Jan Aastveit

Tlf: 22 93 96 83

E-post

Meir informasjon om finansiell rapportering

  • Tilsyn
  • Regelverk
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less