Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Forside >
Publikasjonar og analysar >
Årsrapport >
Rapportar frå tilsynsområda for 2024 >
Verdipapirføretak

Verdipapirføretak

Sist publisert: 12. juni 2025

Finanstilsynet starta i 2024 eitt tilsyn og tre tematilsyn som omfatta til saman 23 verdipapirføretak. Temaa dekte rådgiving og informasjon til ikkje-profesjonelle kundar, handtering av innsideinformasjon og verdsetting av unoterte verdipapir. I 2024 registrerte Finanstilsynet òg seks brot på kapitalkrava. I eitt tilfelle kalla Finanstilsynet tilbake løyvet.

Fakta om verdipapirføretak i Noreg

Ved utgangen av 2024 var det 104 verdipapirføretak i Noreg. Av desse hadde 13 føretak òg konsesjon som bank. I tillegg hadde 17 filialar og seks tilknytte agentar av verdipapirføretak med konsesjon i eit anna EØS-land verksemd i Noreg.

Verksemdsregisteret til Finanstilsynet gir ei oversikt over kva verdipapirføretak og føretak som tilbyr veksling og oppbevaring av virtuell valuta, som har løyve til å yte ulike tenester i Noreg.

Tilsyn

Kravet som lova har til investorvern og handtering av interessekonfliktar, står sentralt i tilsynet med verdipapirføretaka. Føretaka skal opptre ærleg, reieleg og profesjonelt i tråd med den beste interessa til kundane og sjå til at integriteten i marknaden blir varetatt på beste måte. Føretaka skal òg ha tilstrekkeleg internkontroll og eit bevisst forhold til risiko.

Med grunnlag i Finanstilsynet si risikobaserte tilnærming blei det i 2024 starta tilsyn i eitt verdipapirføretak og tre temabaserte tilsyn som omfatta til saman 23 verdipapirføretak innan følgande tema:

  • Rådgiving og informasjon til ikkje-profesjonelle kundar
  • Handtering av innsideinformasjon. Saka er nærare omtalt nedanfor.
  • Verdsetting av unoterte verdipapir. Finanstilsynet gjennomførte ei temaundersøking som omfatta alle dei relevante verdipapirføretaka. Basert på denne undersøkinga starta Finanstilsynet eit tematilsyn hos elleve verdipapirføretak der vi undersøker korleis føretaka verdset og oppgir verdi på verdipapir som er mindre omsettelege enn verdipapirfond og noterte aksjar – nærare bestemt alternative investeringsfond (AIF) og unoterte aksjar. Tematilsynet er venta avslutta i første kvartal 2025.
  • Finanstilsynet deltar òg i eit felleseuropeisk tematilsyn (Common Supervisory Action) i regi av Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA), som blei starta i november 2024. Finanstilsynet vurderer korleis ni verdipapirføretak etterlever berekraftsrelaterte krav knytte til eignavurdering og produkthandtering. Tematilsynet vil bli avslutta i første halvår 2025.

I tillegg avslutta Finanstilsynet 20 tilsyn i 2024 som blei starta i 2023.

Finanstilsynet undersøkte i 2024 korleis alle dei relevante verdipapirføretaka etterlever den felleseuropeiske forordninga for offentleggjering av berekraftsinformasjon (SFDR). Forordninga er gjennomført i lov om offentleggjering av berekraftsinformasjon i finanssektoren osb. og regulerer korleis produsentar av kollektive spareprodukt og investerings- og forsikringsrådgivarar skal informere om strategiane sine for å integrere berekraftsrisikoar i verksemda og ta omsyn til negative berekraftskonsekvensar, og dessutan korleis dei skal formidle berekraftsinformasjon om produkta. Finanstilsynet presenterte resultata av undersøkinga på eit berekraftsseminar i oktober. Undersøkinga omfatta 87 verdipapirføretak, bankar og filialar. Finanstilsynet vurderte 10 prosent av svara som svært gode, mens 54 prosent av svara blei vurderte som "ikkje bestått". Finanstilsynet vil følge opp dette området i 2025. Opptak av seminaret og presentasjonar frå seminaret er publisert på nettstaden til Finanstilsynet.

Finanstilsynet publiserte i oktober og desember 2024 vedtak om straffegebyr til to verdipapirføretak på høvesvis 17 og 25 millionar kroner for ulovleg spreiing av innsideinformasjon. Begge føretaka formidla innsideinformasjon til investorar utan at dei hadde gjennomført ei tilfredsstillande vurdering av om det dreidde seg om innsideinformasjon. Føretaka sørgde heller ikkje for at dei som fekk innsideinformasjon, gav ein klar og utvitydig aksept til å få slik informasjon, og opplyste ikkje mottakarane om forpliktingane som følger av å få slik informasjon. Finanstilsynet understrekar i rapportane at spreiing av innsideinformasjon er særleg eigna til å undergrave tilliten til marknaden, og at føretaka ved si svært mangelfulle handtering av plasseringane har mogleggjort og tilrettelagt for misbruk av innsideinformasjon. Dei to vedtaka er publiserte på nettstaden til Finanstilsynet.

Finanstilsynet registrerte seks brot på kapitalkrava i 2024, som er eitt mindre enn året før. To av tilfella blei retta ved aksjeemisjonar, eitt blei retta ved nedbetaling av lån til hovudeigaren og eitt ved medrekning av positivt delårsresultat. Eitt tilfelle enda med at Finanstilsynet kalla tilbake løyvet, og det siste tilfellet er under behandling. Ved utgangen av 2024 hadde Finanstilsynet pålagt eitt verdipapirføretak månadleg rapportering av kapitaldekning på grunn av låg kapitaldekning, negativ resultatutvikling og svake rutinar.

Finanstilsynet påla eitt verdipapirføretak månadleg rapportering av handelsporteføljen i føretaket, attestert av revisoren i samsvar med revisjonsstandard ISA 805. Bakgrunnen var den vedvarande praksisen i føretaket med å tilordne unoterte og svært lite likvide finansielle instrument til handelsporteføljen i strid med Finanstilsynet sine tidlegare presiseringar.

Finanstilsynet kalla ikkje tilbake andre løyve i 2024 enn den eine som kom av brot på kapitalkrav, men enkelte føretak leverte frivillig tilbake løyva sine.

Om tilbydarar av vekslings- og oppbevaringstenester av virtuell valuta

13 tilbydarar av vekslings- og oppbevaringstenester er registrerte i Noreg i verksemdsregisteret til Finanstilsynet. Føretaka er rapporteringspliktige etter kvitvaskingsregelverket, og Finanstilsynet fører tilsyn med at føretaka overheld regelverket. Finanstilsynet gav i 2024 straffegebyr til ein av dei største tilbydarane av virtuelle valutatenester i Noreg (Norwegian Block Exchange – NBX) for alvorlege manglar i etterlevinga av kvitvaskingsregelverket.

Løyve og andre forvaltingssaker

Fem nye føretak fekk løyve til å yte investeringstenester i 2024. Tre verdipapirføretak fekk utvida løyva sine til å yte investeringstenester. Eitt føretak fekk avslag på søknaden sin om løyve. Fem føretak leverte tilbake løyva sine til å yte investeringstenester. Eitt føretak leverte tilbake delar av løyvet.

Finanstilsynet skal vurdere om nye medlemmer i styre og leiing eller kvalifiserte eigarar i verdipapirføretak er eigna til rolla, og behandla i 2024 ei rekke slike søknader. Finanstilsynet påla ingen verdipapirføretak å gjere endringar i styret eller leiinga i 2024.

I 2024 fekk Finanstilsynet 240 meldingar om grensekryssande verksemd frå verdipapirføretak med hovudsete i ein annan EØS-stat.

Finanstilsynet behandla 18 meldingar om utkontraktering av IKT-verksemd i 2024.

Undersøkingar av mogleg ulovleg verksemd og marknadsåtvaringar

I 2024 undersøkte Finanstilsynet åtte selskap for mogleg ulovleg yting av investeringstenester utan nødvendig løyve. Dette er selskap som kontaktar norske investorar direkte og/eller marknadsfører verksemda på nettstadene sine. Finanstilsynet vurderer i slike saker om vi skal gjere vedtak om å stanse ulovleg verksemd og/eller publisere ei marknadsåtvaring. Tilsynet gjorde i 2024 eitt vedtak om stans og eitt vedtak om pålegg om retting, og publiserte fire åtvaringar som presiserte at det aktuelle selskapet ikkje hadde løyve til å yte investeringstenester i Noreg. I tillegg publiserte Finanstilsynet ca. 900 åtvaringar frå utanlandske tilsynsmyndigheiter mot selskap som yter tenester i EØS-området utan løyve. På nettstaden til Finanstilsynet har vi publisert informasjon om investeringsbedrageri og råd om korleis investorar kan verne seg mot bedrageri. Finanstilsynet sine marknadsåtvaringar er òg tilgjengelege på Finansportalen.no.

Regelverksarbeid

MiCA

Forordninga om marknader i kryptoeigedelar (MiCA) inneheld felleseuropeiske reglar om utskriving, offentleg tilbod og opptak til handel av kryptoeigedelar, yting av tenester knytte til kryptoeigedelar og om marknadsmisbruk i kryptoeigedelsmarknaden. Reglane skal blant anna bidra til å fremme innovasjon, investorvern og marknadsintegritet, og dessutan sikre finansiell stabilitet.

Finanstilsynet fekk i 2023 i oppdrag av Finansdepartementet å greie ut korleis MiCA bør gjennomførast i norsk rett. Finanstilsynet sende eit utkast til høyringsnotat og forslag til lov- og forskriftsendringar til Finansdepartementet i februar 2024, og departementet har hatt forslaget på høyring.

Rapporter fra andre tilsynsområder:

  • Bankar og anna finansieringsverksemd

  • Forsikring og pensjon

  • Infrastrukturen på verdipapirområdet

  • Marknadsåtferd i verdipapirmarknaden

  • Fond og kollektive investeringar

  • Prospektkontroll – omsettelege verdipapir

  • Finansiell rapportering

  • Rekneskapsverksemd

  • Revisjon

  • Eigedomsmekling

  • Inkassoverksemd

Til toppen av siden expand_less
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less