Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Finanstilsynet si årsmelding for 2017

Pressemelding

Finanstilsynet si årsmelding for 2017

Finanstilsynet publiserte 16. mars årsmeldinga si for 2017. I innleiinga ("Ledelsens beretning") skriv styreleiar Endre Skjørestad og finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen om situasjonen for finansnæringa og utfordringane Finanstilsynet står overfor.

Om måloppnåinga skriv Skjørestad og Baltzersen mellom anna:

"Finanstilsynets hovedmål er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerende markeder. Nye tilsynsoppgaver og nytt europeisk regelverk skjerper kravet til Finanstilsynets prioritering av tildelte ressurser for å bidra til høyest mulig samlet måloppnåelse. Innenfor oppdraget som er gitt i Finansdepartementets tildelingsbrev, har Finanstilsynet lagt vekt på å skaffe tilstrekkelig rom for kjernevirksomheten, som er risikobasert tilsyn med foretak og markeder. Finanstilsynet har i hovedsak løst oppgavene i tråd med departementets tildelingsbrev og planene som ble lagt for virksomheten."

Blant forholda dei trekkjer fram, er:

  • utfordringane knytte til oppfølginga av den felles europeiske finansreguleringa
  • resultata og soliditeten i bankane
  • den høge gjelda til hushalda, dei høge bustadprisane og risikoen desse faktorane fører til for den finansielle stabiliteten
  • den sterke veksten i forbrukslåna og tiltaka for å dempe han
  • nye, omfattande reguleringar på verdipapirområdet ved gjennomføringa av:
    • EUs forordning og nye direktiv for verdipapirhandel (MiFIR og MiFID II)
    • EUs forordning om marknadsinfrastruktur (EMIR)
  • livsforsikringsføretaka si tilpassing til den auka risikoen og det auka behovet for reservar i pensjonsforsikring med grunnlag i låg rente og auka levealder, der næringa under eitt nå oppfyller dei nye og strengare solvenskrava med tilfredsstillande margin
  • løysinga for Silver Pensjonsforsikring sine kundar, som kom på plass mindre enn eitt år etter at selskapet blei sett under offentleg administrasjon, då føretaket ikkje var i stand til å oppfylle dei nye solvenskrava
  • behovet for godt forbrukarvern i tilsynet med leverandørar av innskotspensjonsprodukt og forvaltarar av verdipapirfond
  • moglegheitene for og utfordringane med digitalisering, innovasjon og nye forretningsmodellar i finanssektoren

Årsmeldinga inneheld grundige rapportar frå tilsynsområda, omtale av framtidsutsikter og årsrekneskap ved sida av omtale av forbrukarvern, informasjon og kommunikasjon og internasjonal verksemd.

Endre Skjørestad var styreleiar i Finanstilsynet fram til 1. mars 2018.