Svak auke i talet på formidlingar gjennom eigedomsmeklarar og advokatar
Nyheter
Publisert: 30. april 2014
Sist endret: 25. februar 2019
Vedlegg
Eigedomsmeklingsføretak
Eigedomsmeklingsføretaka formidla i 2013 til saman 139 019 eigedommar. Dette er ein mindre auke på 2 131 formidlingar frå 2012, da det blei formidla 136 888 eigedommar. Også frå 2011 til 2012 var det ein marginal auke i formidlingar.
Samla meklarvederlag var på om lag 7,6 milliardar kroner i 2013, mot 6,9 milliardar kroner i 2012. Det er ein auke på 700 millionar kroner, eller 10 prosent. Totalt formidla verdi utgjorde i 2013 om lag 395 milliardar kroner, mot 359 milliardar kroner i 2012. Dette er ein auke på 36 milliardar kroner, eller 10 prosent.
Av 483 føretak rapporterte 16 føretak negativ eigenkapital per 31. desember 2013. For 2013 rapporterte 151 føretak, eller 31 prosent negativt driftsresultat. Til samanlikning var det 14 føretak som per 31.12.2012 rapporterte negativ eigenkapital. For 2012 rapporterte 119 føretak, eller 23 prosent av føretaka, om negativt driftsresultat.
For meir informasjon om bransjestruktur og tilsyn med eigedomsmeklingsbransjen, sjå årsmeldinga til Finanstilsynet for 2013.
Advokatar
Advokater som har stilt særskilt sikkerheit til å drive eigedomsmekling, formidla i 2013 til saman 9 561 eigedommar. Dette er ein auke frå 2012 på 8 prosent.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.