Samla resultat for forsikringsformidlingsføretaka auka frå 2017 til 2018 – nokre færre føretak hadde negativt resultat
Nyheter
Publisert: 23. juli 2019
Sist endret: 7. februar 2020
Forsikringsformidlingsføretaka hadde eit samla resultat før skatt på 261 millionar kroner i 2018. Dette er ein auke på 12 millionar kroner (5 prosent) frå 2017. Forsikringsmeklarføretaka hadde ein auke på 34 millionar kroner (20 prosent), og agentføretaka hadde ein reduksjon på 22 millionar kroner (27 prosent) i 2018.
Vedlegg
Finanstilsynet si rekneskapsoversikt bygger på rapportar frå 102 (104) forsikringsformidlingsføretak (2017-tal i parentes). Av desse var 64 (65) forsikringsmeklingsføretak og 38 (39) forsikringsagentføretak for utanlandske forsikringsføretak. 10 (10) føretak dreiv både verksemd for forsikringsmekling og reassuransemekling (gjenforsikringsmekling), og 1 (1) føretak dreiv berre verksemd for reassuransemekling. Tala inkluderer ikkje tal frå norske agentføretak som kun er agentar for norske forsikringsføretak og norske filialar av utanlandske forsikringsføretak, sidan desse agentføretaka ikkje er rapporteringspliktige til Finanstilsynet. Aksessoriske forsikringsagentar, det vil seie føretak som har forsikringsformidling som ei sideverksemd, som er registrerte i Finanstilsynet sitt verksemdregister, er heller ikkje rapporteringspliktige.
Føretaka sine driftsinntekter var samla på 2 988 (2 918) millionar kroner. Forsikringsmeklarar har forbod mot å ta vederlag for forsikringsformidling frå forsikringsføretaka, men det er unntak for enkelte typar forsikring etter forsikringsformidlingslova. 6 (6) prosent av meklarføretaka sine inntekter frå forsikringsformidling er frå forsikringsføretak. Driftskostnadene var totalt på 2 769 (2 689) millionar kroner i 2018, og eigenkapitalen utgjorde 1 202 (1 135) millionar kroner.
I 2018 hadde 30 (34) prosent av føretaka negativt årsresultat. Føretaka som hadde negativt årsresultat, hadde 20 (31) prosent av totalt formidla forsikringspremie. 7 (9) forsikringsformidlingsføretak hadde negativ eigenkapital i 2018.
For forsikringsmeklarføretak blei formidla premie auka med 3,3 prosent, frå 22,1 milliardar til 22,8 milliarder kroner i 2018. Forsikringspremien som gjekk gjennom dei 38 forsikringsagentføretaka, utgjorde 7,0 (8,0) milliardar kroner i 2018. Dette er ein reduksjon på 12,7 prosent frå 2017, men premien auka med 9,5 prosent i 2017 (frå 2016 til 2017).
Forsikringsformidlingslova tok til å gjelde 1. januar 2006. Forsikringsformidling er i lova definert vidt og omfattar i utgangspunktet all mellommannsverksemd som gjeld inngåing av forsikringsavtalar. Regelverket for forsikringsformidlarar omfattar tre verksemdsområde: forsikringsmeklingsverksemd, meklingsverksemd for reassuranse (gjenforsikring) og forsikringsagentverksemd.
Talet på rapporteringspliktige føretak under tilsyn er redusert med to føretak frå 2017 til 2018. Åtte forsikringsformidlingsføretak blei avvikla eller avregistrerte, medan seks nye føretak blei registrerte i 2018.
I Finanstilsynet sitt verksemdregister var det per 23. juli 2019 registrert totalt 126 forsikringsformidlingsføretak (inklusive aksessoriske forsikringsagentar). I registeret er det òg koplingar til agentregister, både til register i norske forsikringsføretak og til register i norske filialar av utanlandske forsikringsføretak.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.