Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Pressekonferanse: Bustadlånundersøkinga 2019

Pressemelding

Pressekonferanse: Bustadlånundersøkinga 2019

Finanstilsynet presenterer resultata frå årets bustadlånundersøking.

Tid: Måndag 25. november 2019 kl. 11.00
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)

Finanstilsynet undersøker regelmessig utlånspraksisen til bankane. Sidan 1994 har Finanstilsynet gjennomført årlege utvalsundersøkingar av utlånspraksisen til dei største bankane ved yting av nye lån med pant i bustad.

Undersøkinga omfattar mellom anna:

  • den samla gjelda til låntakarane i prosent av brutto årsinntekt (gjeldsgrad)
  • bustadlånet sin del av verdien til bustaden (opplåningsgrad)
  • beteningsevna til låntakarane

Resultata blir samanlikna med resultat frå undersøkingar frå tidlegare år, og undersøkinga presenterer tal for ulike aldersgrupper og andre kjenneteikn ved låntakarane.

Pressekonferansen blir overført via nett-tv på nettstaden til Finanstilsynet.

Enkel servering.

Påmelding: info@finanstilsynet.no


Hugs å ta med pressekort/legitimasjon, og du må berekne litt ekstra tid ved frammøte for registrering.