Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Samla resultat for forsikringsformidlingsføretaka blei redusert frå 2016 til 2017 – nokre fleire føretak hadde negativt resultat

Pressemelding

Samla resultat for forsikringsformidlingsføretaka blei redusert frå 2016 til 2017 – nokre fleire føretak hadde negativt resultat

Forsikringsformidlingsføretaka hadde eit samla resultat før skatt på 249 millionar kroner i 2017. Dette er ein nedgang på 58 millionar kroner (19 prosent) frå 2016. Forsikringsmeklarføretaka hadde ein nedgang på 90 millionar kroner (35 prosent), og agentføretaka hadde ein auke på 32 millionar kroner (67 prosent) i 2017.

Finanstilsynet si rekneskapsoversikt bygger på rapportar frå 104 (105) forsikringsformidlingsføretak (2016-tal i parentes). Av desse var 65 (66) forsikringsmeklingsføretak og 39 (39) forsikringsagentføretak for utanlandske forsikringsføretak. 10 (9) føretak dreiv både verksemd for forsikringsmekling og reassuransemekling (gjenforsikringsmekling), og 1 (1) føretak dreiv berre verksemd for reassuransemekling. Tala inkluderer ikkje tal frå norske agentføretak som kun er agentar for norske forsikringsføretak og norske filialar av utanlandske forsikringsføretak, sidan desse agentføretaka ikkje er rapporteringspliktige til Finanstilsynet. Aksessoriske forsikringsagentar, det vil seie føretak som har forsikringsformidling som ei sideverksemd, som er registrerte i Finanstilsynet sitt konsesjonsregister, er heller ikkje rapporteringspliktige.

Føretaka sine driftsinntekter var samla på 2918 (2733) millionar kroner i 2017. Forsikringsmeklarar har forbod mot å ta vederlag for forsikringsformidling frå forsikringsføretaka, men det er unntak for enkelte typar forsikring etter forsikringsformidlingslova. 6 (7) prosent av meklarføretaka sine inntekter frå forsikringsformidling er frå forsikringsføretak. Driftskostnadene var totalt på 2693 (2439) millionar kroner i 2017, og eigenkapitalen utgjorde 1135 (1003) millionar kroner.

I 2017 hadde 34 (29) prosent av føretaka negativt årsresultat. Føretaka som hadde negativt årsresultat, hadde 31 (6) prosent av totalt formidla forsikringspremie. 9 (11) forsikringsformidlingsføretak hadde negativ eigenkapital i 2017.

For forsikringsmeklarføretak og meklarføretak for reassuranse (gjenforsikring) blei formidla premie redusert med 6,6 prosent, frå 23,6 milliardar kroner i 2016 til 22,1 milliardar kroner i 2017. Forsikringspremien som gjekk gjennom dei 39 forsikringsagentføretaka, utgjorde 8,0 (7,3) milliardar kroner i 2017. Dette er ein vekst på 9,5 prosent frå 2016.

Forsikringsformidlingslova tok til å gjelde 1. januar 2006. Forsikringsformidling er i lova definert vidt og omfattar i utgangspunktet all mellommannsverksemd som gjeld inngåing av forsikringsavtalar. Regelverket for forsikringsformidlarar omfattar tre verksemdsområde: forsikringsmeklingsverksemd, meklingsverksemd for reassuranse (gjenforsikring) og forsikringsagentverksemd.

Talet på rapporteringspliktige føretak under tilsyn er redusert med eitt føretak frå 2016 til 2017. Seks forsikringsformidlingsføretak blei avvikla eller avregistrerte, medan fem nye føretak blei registrerte i 2017.

I Finanstilsynet sitt konsesjonsregister var det 27. juni 2018 registrert totalt 128 forsikringsformidlingsføretak (inklusive aksessoriske forsikringsagentar). I registeret er det òg koplingar til agentregister, både til register i norske forsikringsføretak og til register i norske filialar av utanlandske forsikringsføretak.

Fagkontakt