Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Høg omsetnad og lønnsemd i verdipapirføretaka i første halvår 2017

Pressemelding

Høg omsetnad og lønnsemd i verdipapirføretaka i første halvår 2017

Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, hadde samla driftsinntekter på 3 353 millionar kroner i første halvår 2017. Dette er det høgaste nivået på slike inntekter sidan 2011, og det er 730 millionar kroner (28 prosent) meir enn i same periode året før.

Inntekstveksten må sjåast i lys av at driftsinntektene i første halvår 2016 var dei lågaste sidan 2004. Driftskostnadene utgjorde 2 636 millionar kroner, som er 415 millionar kroner (19 prosent) meir enn i første halvår 2016. Det samla driftsresultatet blei dermed 718 millionar kroner. Dette er 315 millionar kroner (78 prosent) meir enn i første halvår 2016.

Hovudårsaka til det forbetra driftsresultatet er ein kraftig auke i inntekter frå corporate finance-verksemd, som er den viktigaste inntektskjelda til verdipapirføretaka.

Bankar som har konsesjon som verdipapirføretak, hadde driftsinntekter på 3 979 millionar kroner frå investeringstenesteverksemd i første halvår 2017. Dette er om lag på nivå med dei to førre første halvåra.

Norske filialar av utanlandske verdipapirføretak hadde i dei seks første månadene av året 4 prosent høgare inntekter frå investeringstenesteverksemd enn i første halvår 2016.

Ved utgangen av juni 2017 var det 104 norske verdipapirføretak. Av desse hadde 23 føretak konsesjon som bank. Eitt år tidlegare var tilsvarande tal 110 og 25.


Merk:
Rapportering til Finanstilsynet inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirverksemd som er integrert i bankar, og norske filialar av utanlandske verdipapirføretak.

Det blir nytta foreløpige tal i rapporteringa til Finanstilsynet, og det kan derfor komme korrigeringar i talgrunnlaget for pressemeldingane.

Alle beløp er nominelle.

Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar

Inntekter frå corporate finance-verksemd utgjorde 47 prosent av dei totale driftsinntektene, mot 36 prosent i første halvår 2016. Inntekter frå investeringsrådgiving, herunder teikningshonorar, returprovisjonar og porteføljeinntekter, stod for 16 prosent av dei totale inntektene i dei seks første månadene av 2017. Utføring av ordre, det vil seie hovudsakeleg aksjemekling og annanhandsomsetnad av obligasjonar, stod for 15 prosent.

Inntektene frå corporate finance-verksemd var på 1 560 millionar kroner i første halvår 2017, ein auke på 606 millionar kroner (64 prosent) samanlikna med første halvår 2016. Inntektene frå investeringsrådgiving var 534 millionar kroner, som er 38 millionar kroner (8 prosent) meir enn i same periode året før. Inntektene frå ordreutføring var 505 millionar kroner. Dette er 46 millionar kroner (10 prosent) meir enn i første halvår 2016.

Kapital til aktiv forvalting i verdipapirføretaka som ikkje er integrerte i bankar, var på 98 milliardar kroner ved utgangen av juni 2017. Dette er 4 milliardar kroner (4 prosent) mindre enn eitt år tidlegare. Per 30. juni 2016 var 34 prosent av aktivt forvalta kapital plassert i gjeldsinstrument, 29 prosent var plassert i eigenkapitalinstrument, og 18 prosent var plassert i verdipapirfondsdelar. Tilsvarande tal eitt år tidlegare var 30, 23 og 26 prosent.

Talet på tilsette i verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, var 1 977 personar ved utgangen av første halvår 2017. Dette var 15 fleire tilsette enn på same tidspunkt i 2016.

Verdipapirverksemd i bankar

Bankane sine største inntektskjelder innan investeringstenesteverksemd var ordreutføring (36 prosent av inntektene) og market making / eigenhandel (31 prosent). Desse inntektene kjem hovudsakeleg frå tilrettelegging og konstruksjon av derivat. Inntektene til bankane frå corporate finance-verksemd tilsvarte 19 prosent av dei frittståande verdipapirføretaka sine inntekter frå slik verksemd i første halvår 2017. I same periode i dei førre åra var det 20 prosent i 2016, 21 prosent i 2015 og 23 prosent 2014.

Inntektene frå ordreutføring var på 1 433 millionar kroner i første halvår 2017, som er 76 millionar kroner (5 prosent) mindre enn i same periode i 2016. Market making / eigenhandel gav bankane inntekter på 1 218 millionar kroner. Dette er 170 millionar kroner (16 prosent) meir enn i dei seks første månadene i 2016.

Talet på årsverk som var dedikert til investeringstenesteverksemd i bankar, var 1 166 personar per 30. juni 2017. Eitt år tidlegare var dette talet 1 378. Hovudårsaka til endringa er omdanninga av Nordeas bank- og investeringstenesteverksemd i Noreg frå norsk bank til filial av svensk bank.

Norske filialar av utanlandske verdipapirføretak

Dei samla driftsinntektene til filialane frå investeringstenesteverksemd utgjorde 1 696 millionar kroner i første halvår 2017. Dette er 65 millionar kroner (4 prosent) meir enn i same periode i 2016. Dei største inntektskjeldene var market making / eigenhandel (21 prosent), yting av tilleggstenester (18 prosent) og ordreutføring (18 prosent).

Per 30. juni 2017 var det 891 tilsette i filialane, som er 252 fleire tilsette enn eitt år tidlegare. Også her er hovudårsaka til endringa omorganiseringa av Nordeas verksemd i Noreg.

Fagkontakt