Innrapporterte tal frå inkassoføretaka ved utgangen av 2014 samanlikna med 2013 viser:
- Nye inkassosaker har auka med 5,1 prosent (341 300 saker)
- Avslutta inkassosaker har auka med 7,5 prosent (472 700 saker)
- Inkassosaker i arbeid har auka med 9,6 prosent (378 000 saker)
- Misleghaldne forpliktingar til inndriving har auka med 1,3 prosent (866 millionar kroner)
- Innkasserte midlar har auka med 9,2 prosent (2,17 milliardar kroner)
Føretaka sine inkassoinntekter
Inkassoinntektene til inkassoføretaka var på 2,89 milliardar kroner i 2014. Dette er ein auke på 7,4 prosent frå 2013.
Merk:
Finanstilsynet presiserer at dei presenterte tala for framandinkasso ikkje viser totale tal for kva som er til inndriving i Noreg. Inndriving av eigne krav (eigeninkasso), og krava som blir drivne inn av Statens innkrevingssentral og inkassoverksemda til advokatar inngår ikkje i talmaterialet.
Finanstilsynet gjer merksam på at innrapporterte tal ikkje kan bli oppgitt på fylkesnivå, ettersom tala ikkje er relaterte til geografiske område for skyldnar, men berre kor inkassoselskapet driv verksemda.