Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Auke i mottekne og avslutta inkassosaker i 2013 – ein av tre nye saker blir avslutta etter purring/inkassovarsel

Auke i mottekne og avslutta inkassosaker i 2013 – ein av tre nye saker blir avslutta etter purring/inkassovarsel

Pressemelding

Publisert: 31. mars 2014
Sist endret: 26. juli 2018
Dokumentnummer: 9/2014

Innrapporterte tal frå inkassoføretaka for 2013 viser at enkelte inkassoføretak har hatt ein betydeleg vekst samanlikna med tal frå utgangen av 2012.

Vedlegg

  • Utdrag av tallmaterialet, innrapportert fra selskaper som er tildelt bevilling for å inndrive forfalte pengekrav på vegne av andre (fremmedinkasso) (pdf)

Veksten som går fram av dei samla tala, innber ikkje ein auke i det reelle misleghaldet. Årsaka til veksten er at fleire inkassoføretak har utvida tenestene sine og at dei no òg sender purring/betalingspåminning på vegner av oppdragsgivarane. Dette var oppgåver som oppdragsgivarane tidlegare gjorde sjølve.

Hovudtrekk ved innrapporterte tal frå inkassoføretaka ved utgangen av 2013:

  • Nye og avslutta inkassosaker viser ein vekst på 14,0 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
  • Avslutta inkassosaker viser ein vekst på 7,5 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
  • Talet på inkassosaker i arbeid viser ein vekst på 12,3 prosent samanlikna med utgangen av 2012. 
  • Misleghaldne forpliktingar til inndriving viser ein vekst på 5,9 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
  • Innkasserte beløp viser ein vekst på 7,8 prosent samanlikna med utgangen av 2012.

Inkassoinntektene til føretaka

I 2013 var inkassoinntektene til inkassoføretaka på 2 690 millionar kroner. Dette tilsvarer ein auke på 8,6 prosent samanlikna med 2012.
  
Merk: Finanstilsynet presiserer at dei presenterte tala for framandinkasso ikkje viser totale tal for kva som er til inndriving i Noreg. Inndriving av eigne krav (eigeninkasso), og krava som blir drivne inn av Statens innkrevingssentral og inkassoverksemda til advokatar inngår ikkje i talmaterialet.

Finanstilsynet gjer merksam på at innrapporterte tal ikkje kan bli oppgitt på fylkesnivå, ettersom tala ikkje er relaterte til geografiske område for skyldnar, men berre kor inkassoselskapet driv verksemda.

Pressekontakt

Pressetelefon: 40 90 03 50

  • Pressekontakter

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern, cookies og tilgjengelighet
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972