Noko nedgang i samla resultat for forsikringsformidlingsføretaka i 2012
Pressemelding
Publisert: 11. juni 2013
Sist endret: 7. februar 2020
Dokumentnummer: 15/2013
Vedlegg
Det var totalt færre rapporteringspliktige føretak under tilsyn i 2012 enn i 2011. Seks forsikringsmeklingsføretak og to forsikringsagentføretak avslutta verksemda, mens tre forsikringsmeklingsføretak og eitt forsikringsagentføretak starta opp i 2012.
Forsikringsformidlingsføretaka hadde eit samla resultat før skatt på 128 millionar kroner i 2012, som er ein reduksjon på 21 millionar kroner i samanlikna med 2011.
Finanstilsynets rekneskapsoversikt byggjer på rapportar frå 95 (99) forsikringsformidlingsføretak (2011-tal i parentes). Av desse var 63 (66) forsikringsmeklingsføretak, 32 (33) forsikringsagentføretak for utanlandske forsikringsselskap og 11 (10) gjenforsikringsmeklingsføretak. 10 (9) føretak dreiv verksemd for både forsikringsmekling og gjenforsikringsmekling. Tala for forsikringsformidlingsføretak inkluderer ikkje agentverksemd for forsikringsselskap som fører eigne agentregister. Det gjeld norske forsikringsselskap og norske filialar av utanlandske forsikringsføretak. Aksessoriske forsikringsagentar registrert i Finanstilsynets verksemdregister er heller ikkje rapporteringspliktige.
Driftsinntektene til føretaka var totalt 2,452 (2,311) milliardar kroner. Av dette var 19 prosent (19 prosent) forsikringsformidlingsinntekt frå forsikringsselskapa. Den tilsvarande delen for meklarføretaka aleine var 15 prosent (16 prosent). Forsikringsmeklarane har forbod mot å ta vederlag for forsikringsformidling frå forsikringsselskapa, men det er unntak for enkelte typer forsikring etter forsikringsformidlingslova. Driftskostnadene var på totalt 2,334 (2,166) milliardar kroner, og eigenkapitalen utgjorde 864 (877) millionar kroner.
16 (32) føretak hadde negativt årsresultat i 2012.
3 (4) forsikringsformidlingsføretak hadde negativ eigenkapital i 2012.
2 (2) forsikringsformidlingsføretak fekk dagmulkt for brot på rapporteringsfristen.
Formidla premie via forsikringsagentføretak utgjorde 6,382 milliardar kroner i 2012, som er ein auke på 5 prosent frå 6,099 milliardar kroner i 2011. For forsikrings- og gjenforsikringsmeklarføretak var det ein auke på 24 prosent frå 19 milliardar kroner til 24 milliardar kroner i 2012.
I Finanstilsynets verksemdregister var det per 3. juni 2013 registrert totalt 127 forsikringsformidlingsføretak (inklusive aksessoriske forsikringsagentar). I tillegg finn ein der koplingar til forsikringsselskapas forsikringsagentregister, både agentregister til norske forsikringsselskap og til norske filialar av utanlandske forsikringsselskap.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.