Forside Nyhetsarkiv Korrigerte tapstal for svindel med betalingskort og nettbank for 2018

Nyhet

Korrigerte tapstal for svindel med betalingskort og nettbank for 2018

Bits AS har avdekt ein feil i rapporterte tal for svindel med betalingskort og nettbank for 2018. Dette er dei same tala som er publiserte i Finanstilsynets ROS-analyse under «Tap som følge av svindel med betalingstjenester».

Dei faktiske tapstala for 2018 er høgare enn det som tidlegare er publisert, og spesielt gjeld dette tap ved bruk av betalingskort til internetthandel mm. (svindel av typen «Card-Not-Present»). Korrigerte tapstal for 2018 viser at nivået på tap som følgje av svindel er omlag på det same nivået som i 2017, mens tidlegare rapporterte tal viste ein nedgang.

Frå andre halvår 2019 skal tap som følgje av svindel med betalingstenester i Noreg rapporterast i samsvar med retningslinene til EBA, sjå informasjon om dette publisert 21.10.2019: