Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv ESMA – fråsegn om ein "no-deal brexit" sin verknad på handelsplikta for britiske aksjar på EU-marknaden

Nyhet

ESMA – fråsegn om ein "no-deal brexit" sin verknad på handelsplikta for britiske aksjar på EU-marknaden

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsstyresmakta (ESMA) har komen med midlertidig fråsegn om handelsplikta i EØS for aksjer med britisk ISIN (International Securities Identification Number) i tilfelle av ein "no-deal brexit". Aksjar med britisk ISIN – det vil seie dei med fortegnet "GB" ­– vil ikkje vere underlagt handelsplikt etter MiFIR art. 23 (MiFIR-forskrifta § 23) med mindre dei er likvide.

Midlertidig fråsegn fra ESMA: 

Om aksjane er likvide avgjerast med utgangspunkt i handelsvoluma i aksjane i EØS frå 2018, ekskludert data frå Storbritannia. ESMA har i denne samanheng publisert ei liste over ISIN som ut frå desse tala vil vere underlagt handelsplikt.

Handelsplikta inneber at handlar som utførast av verdipapirføretak i aksjar som er tatt opp til handel på ein regulert marknad eller som handlast på handelsplass, skal gjennomførast på ein regulert marknad, multilateral handelsfasilitet (MHF), hos ein systematisk internaliserer (SI) eller på ein handelsplass i eit tredjeland som er vurdert som likeverdig.

Det gjerast merknad med at fråsegna til ESMA er under føresetnad om ein "no-deal brexit", og i mangel av ei likeverdvurdering av Storbritannia frå EU-Kommisjonen.