Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
ESMA – revidert fråsegn om ein "no-deal brexit" sin verknad på handelsplikta for britiske aksjar

ESMA – revidert fråsegn om ein "no-deal brexit" sin verknad på handelsplikta for britiske aksjar

Nyhet

Publisert: 29. mai 2019

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsstyresmakta (ESMA) har revidert sitt midlertidige fråsegn om handelsplikta i EØS for aksjar med britisk ISIN (International Securities Identification Number) i tilfelle av ein "no-deal brexit". Aksjar med britisk ISIN – det vil seie dei med fortegnet "GB" – vil etter revisjonen ikkje vere underlagt handelsplikt etter MiFIR art. 23 (MiFIR-forskrifta § 23).

Revidert midlertidig fråsegn frå ESMA:

  • Impact of Brexit on the trading obligation for shares (Article 23 of MiFIR)

Handelsplikta inneber at handlar som gjerast av verdipapirføretak i aksjar som er tatt opp til handel på ein regulert marknad eller som handlast på handelsplass, skal gjennomførast på ein regulert marknad, multilateral handelsfasilitet (MHF) eller ein systematisk internaliserar (SI), eller på ein handelsplass i eit tredjeland som er vurdert som likeverdig.

Den reviderte fråsegna skil seg frå den opphavlege ved at ESMA då ytra at ein aksje med GB-ISIN likevel vart omfatta av handelsplikta i EØS dersom den er likvid i EØS.

Det gjerast merknad med at fråsegna til ESMA er gjort under føresetnad om ein "no-deal brexit" og i mangel av ei likeverdvurdering av Storbritannia frå EU-kommisjonen.

Tema

  • Brexit

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less