Høyring frå EU-kommisjonen: Likeverdsavgjerd om regelverk for sentrale motpartar i Malaysia
Høringer
Publisert: 24. mars 2022
EU-kommisjonen har sendt forslag til likeverdsavgjerd om det regulatoriske rammeverket for sentrale motpartar i Malaysia på høyring. Høyringsfristen er 4. april 2022.
I 2014 fastsette EU reglar om mellom anna sentrale motpartar i EMIR. Reglane er gjennomførde i norsk rett i verdipapirhandellova. EU-kommisjonen har nå sendt forslag til ei avgjerd som inneber at det regulatoriske rammeverket for sentrale motpartar i Malaysia kan likestillast med reglane i EU, på høyring.
Avgjerda vil danne grunnlag for at den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita ESMA kan anerkjenne sentrale motpartar etablert i Malaysia, slik at desse kan yte tenester i EU utan særskild løyve.
Finanstilsynet legg til grunn at avgjerda vil bli tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i Forskrift om likeverdighetsvurderinger etter EMIR. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 4. april 2022.
Les meir på EU-kommisjonens nettsider:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.