Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høyring frå EBA: Teknisk standard for kategorisering av avanserte økonomiar under den alternative standardmetoden (FRTB-SA) for marknadsrisiko

Høyring frå EBA: Teknisk standard for kategorisering av avanserte økonomiar under den alternative standardmetoden (FRTB-SA) for marknadsrisiko

Høring

Publisert: 13. april 2021

EBA har sendt på høyring eit utkast til tekniske standard (RTS) som inneheld ei liste over land som vert definert som avanserte økonomiar, som skal brukast i samband med utrekninga av aksjerisiko under FRTB-SA for marknadsrisiko. Dette er ein del av EBA sitt roadmap for dei nye reglane gjeldande marknads- og motpartsrisiko (Fundamental Rewiev of the Trading Book, FRTB). EBA ønskjer innspel på høyringane innan 2.juli 2021.

Føretak som brukar den alternative standardmetoden (FRTB-SA) for utrekning av kapitalkrav for marknadsrisiko, skal rekne ut aksjerisiko i handelsboka basert på ei rekke risikofaktorar og tilhøyrande risikovekter. Risikofaktorar frå avanserte økonomiar har lågare risikovekt enn framveksande marknader. For å sikre harmonisering mellom internasjonale standardar, har EBA føreslått ei liste over land som er definerte som avanserte økonomiar, som baserer seg på ei tilsvarande liste som er publisert i FRTB.

Reglane vert truleg innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett, og det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ei ny høyring i Noreg når dette skjer.

Vi ber om at Finanstilsynet vert informert dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere oppmerksam på.

EBA ønskjer innspel på høyringane innan 2.juli 2021.

Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg her:

  • Consultation on draft RTS on emerging markets and advanced economies (EBA/CP/2021/14)BA

Pressekontakt

Pressetelefon: 40 90 03 50

  • Pressekontakter

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less