Høyring frå EBA: Ny teknisk standard på rapportering av ALMM
Høringer
Publisert: 14. mai 2021
EBA har sendt på høyring eit utkast til ny teknisk standard (ITS) på rapportering gjeldande Additional Liquidity Monitoring Metrics (ALMM). Den omhandlar proporsjonalitetshensyn for små- og ikkje-komplekse føretak i tillegg til at det vert føreslått visse endringar i rapporteringsskjema. Høyringsfristen er satt til 28. juli 2021.
Små og ikkje-komplekse føretak kan sleppe å rapportere skjema for konsentrasjon av finansiering etter type finansiering (C 68.00), pris på finansiering med ulike løpetider (C 69.00) og refinansiering (C 70.00). Då vil føretaka i denne kategorien berre måtte rapportere løpetidsfordeling ("maturity ladder"), konsentrasjon av finansiering etter motpart og konsentrasjon av utvida likviditetsreserve etter motpart ("counterbalancing capacity"). EBA føreslår også at mellomstore føretak skal bli unntatt frå å rapportere skjemaet for refinansiering.
Endringane i rapporteringsskjema har som formål å gjere rapporteringa meir tydeleg og konsekvent, samt strømlinjeforme rapporteringskrava.
Reglane vert truleg innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett, og det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ei ny høyring i Noreg når dette skjer. Vi ber om at Finanstilsynet vert informert dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere oppmerksam på.
Høyringsfristen er satt til 28. juli 2021.
Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg her:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.