Høyring frå EU-kommisjonen: Endringar i LCR-forordninga som påverkar føretak som utstedar OMF
Høringer
Publisert: 3. november 2020
EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag om å endre (EU) 2015/61 (LCR-forordninga) for å ta høgde for overlappande bufferkrav i direktiv (EU) 2019/2162 (Covered Bond Directive, CBD). Desse endringane vil gjelde for kredittføretak som utstedar OMF. EU-kommisjonen ønskjer innspel på høyringa innan 24.november 2020.
OMF-føretak og øvrige kredittføretak som utstedar OMF må etter CBD halde ein likviditetsbuffer (covered pool liquidity buffer). Desse eigedelane kan ikkje samtidig telje med i bufferen under LCR-forordninga, jf. artikkel 12 i CBD og artikkel 7 i LCR-forordninga. For at føretaka skal sleppe å halde to separate likviditetsreservar for dei same netto utbetalingane, er det no føreslått endringar som tillét at dei same eigedelane vert brukt for dekke desse spesifikke utbetalingane.
Høyringa føreslår også ein rekke andre mindre endringar for å gjere nokre av dei eksisterande reglane tydlegare, samt for å gjere LCR-forordninga meir tilpassa artikkel 129 i CRR/CRD IV-forskrifta.
Les meir:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.