Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv System for betalingstenester - meldeplikt til Kredittilsynet

Rundskriv

System for betalingstenester - meldeplikt til Kredittilsynet

Rundskrivet gjeld for:

Forretningsbankar nr. 7
Sparebankar nr. 8
Finansieringsselskap nr. 5
Kredittføretak nr. 5

Dette rundskrivet erstattar Rundskriv 16/2000.

Lov om betalingssystemer m.v. (LOV 99-12-17 nr 95) (bsl) trådde i kraft 14. april 2000. Lova omhandlar blant anna meldeplikt for system for betalingstenester. System for betalingstenester blir regulerte av kapittel 3 i lova, og § 3-2 pålegg bankar og finansieringsføretak meldeplikt til Kredittilsynet for etablering og drift av system for betalingstenester.

Følgjande forhold utløyser meldeplikt:
a)         Innføring av nytt system for betalingsteneste. [1]
b)         Ny versjon som vesentleg påverkar andre berørde partar som inngår i løysinga.
c)         Ny versjon med endra eller ny funksjonalitet som er vesentleg for systemet for
            betalingstenesta.

Når meldeplikta blir utløyst skal føretaket svare på ei eigenmelding ved å krysse av på "Ja/Nei/Ikke relevant" på kontrollspørsmåla nummererte frå 1 til 19. Eventuelle kommentarar kan skrivast i tillegg der det er relevant. Ta gjerne direkte kontakt med Kredittilsynet dersom noko er uklart ved utfyllinga.

System for betalingstenester er i § 1-1 i lova definert som system basert på standardvilkår for overføring av pengar frå eller mellom kundekontoar i bankar og finansieringsføretak når overføringane byggjer på bruk av betalingskort, talkodar eller anna form for sjølvstendig brukarlegitimasjon som er skriven ut til ein ubestemt krins. Definisjonen omfattar ikkje tradisjonelle papirbaserte betalingsinstrument som sjekkar og giroblankettar, men den dekkjer for eksempel betalingsterminalar, minibankar, nettbankar og betalingar over mobiltelefon.

I lova § 3-1 står det at formålet med meldeplikta ”er å bidra til at systemer for betalingstjenester innrettes og drives slik at hensynet til sikker og effektiv betaling og til rasjonell og samordnet utførelse av betalingstjenester ivaretas”. Det skal vere mogeleg for Kredittilsynet å vurdere om systemet vil bli innretta og drive i samsvar med formålsframstillinga. Lova inneheld ingen føresegner om Kredittilsynets tilsyn med dei meldepliktige systema. Tilsynet vil likevel vere ein del av det ordinære institusjonstilsynet med bankar og finansieringsføretak. Omfanget av Kredittilsynets tilsyn med systema for betalingstenester må også sjåast i samanheng med og vil vere avgrensa av, det ansvaret Noregs Bank har for tilsyn med interbanksystema, sjå kapittel 2 i lova.

Det er det enkelte føretaket som skal melde til Kredittilsynet. Ut frå dei erfaringane som føreligg etter at ordninga trødde i kraft, ønskjer Kredittilsynet å forbetre meldingsopplegget ved at det blir sendt inn ei eigenmelding med svar på standardiserte spørsmål. Dersom fleire føretak har inngått avtale om eit felles system for betalingstenester, kan dei ved innsending av eigenmeldinga vise til det føretaket som har ansvaret for å fylle ut ei fullstendig eigenmelding. Eigenmelding for system for betalingstenester skal sendast på papir til Kredittilsynet. Skjemaet for eigenmelding er tilgjengeleg som vedlegg til rundskrivet på Kredittilsynets nettstad, www.kredittilsynet.no. 

Anne Merethe Bellamy

Frank Robert Berg

Fotnote:
[1] Meldeplikta gjeld også der delar eller heile systemet er utkontraktert. [ Tilbake]

[Red.Adm. Oppdatert egenmeldingsskjema 7. mai 2018]

  

Kontakt