Rapportering frå oppgjerssentralar
Rundskriv
Publisert: 30. oktober 2009
Sist endret: 18. desember 2019
Dokumentnummer: 13/2009
Vedlegg
Som eit ledd i å styrkje tilsynet med oppgjerssentralane, innfører Kredittilsynet krav om regelmessig rapportering frå desse føretaka. Oppgåve over ansvarleg kapital og risikoeksponering blir innhenta med heimel i ”lov av 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.v.” (kredittilsynslova) § 4 første ledd nr. 3, jf. § 1.
Dette rundskrivet gir ei oversikt over rapporteringskrava. Kredittilsynet har innhenta synspunkt frå føretaka om rapporteringskrava generelt, og utkast til oppgåve og rettleiing for rapportering av ansvarleg kapital og risikoeksponering spesielt. Føretaka hadde synspunkt på den delen av oppgåva som tok opp risikoeksponering. Det var ingen merknader til dei øvrige rapporteringskrava som går fram av dette rundskrivet.
Kredittilsynet ber om rapportering av følgjande opplysningar frå oppgjerssentralane:
Kvartalsrapportering:
- Oversikt over ansvarleg kapital ved utgangen av kvartalet
- Oversikt over risikoeksponering
- Oversikt over forsikringar, garantiar og fond m.m. som skal sikre mot tap i verksemda
- Resultatrekneskap og balanse ved utgangen av kvartalet
Føretaka skal nytte eige rapporteringsskjema i Excel og tilhøyrande rettleiing ved rapportering av ansvarleg kapital og risikoeksponering. Ansvarleg kapital skal bereknast i samsvar med ”forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak”. Rapporteringsskjemaet og rettleiinga er publiserte på Kredittilsynet sin nettstad.
Rapporteringsfristen for opplysningar som skal sendast til Kredittilsynet kvart kvartal,
er 30 dagar etter kvartalslutt.
Årleg rapportering:
- Årsrekneskap, årsmelding, revisjonsmelding og kontrollkomiteen si melding for forrige rekneskapsår
- Dokumentasjon som er nødvendig for Kredittilsynet [1] si evaluering av om føretaket har oppfylt tilrådingane for oppgjerssentralar og som er utgitt av the European System of Central Banks (ESCB) og the Committee of European Securities Regulators (CESR), evt. dokumentasjon for å oppdatere slik evaluering. Når årleg evaluering er gjennomført, evt. oppdatert av Kredittilsynet, skal ”Key Questions” i vedlegg 1 til tilrådingane publiserast på nettstaden til føretaket.
Rapporteringsfrist for opplysningar som skal sendast til Kredittilsynet årleg, er seks månader etter slutten av kalenderåret.
Første innsending og rapporteringsform
Føretaka skal første gang rapportere data for tredje kvartal 2009.
Rapporteringsfristen for førstegangsrapportering er utvida til 20. november 2009.
Rapporteringsplikta for Nasdaq OMX Stockholm AB skjer først når føretaket utøver verksemda i tråd med løyvet frå Finansdepartementet datert 17. oktober 2008.
Utfylt rapport og øvrige vedlegg skal sendast med post eller bod til:
Kredittilsynet
Postboks 100 Bryn
0611 Oslo
(Besøksadresse for bod: Østensjøveien 43, 0667 Oslo)
Eventuelt kan rapporten sendast på e-post til: post@kredittilsynet.no dersom føretaket ønskjer det.
Kredittilsynet vil for ordens skuld minne om at oppgjerssentralen, uavhengig av rapporteringa nemnt over, straks skal gi melding til Kredittilsynet dersom det inntreffer forhold som fører til risiko for at fastsett kapitalkrav ikkje kan oppfyllast, eller det oppstår andre forhold som kan innebere stor risiko knytt til drifta av oppgjerssentralen, jf. lova om verdipapirhandel (vphl.) § 15-2 andre ledd.
Dette rundskrivet blir òg sendt til Nasdaq OMX Stockholm AB.
Note:
[1] Ei evaluering av om føretaket har oppfylt tilrådingane for oppgjerssentralar som er utgitt av ESCB-CESR, vil kunne skje i samarbeid med Noregs Bank for å redusere arbeids- og rapporteringsbyrda til føretaket ved slik evaluering.
Eirik Bunæs
Britt Hjellegjerde
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.