Endring av Kredittilsynet sin forvaltningspraksis
Rundskriv
Publisert: 27. mars 2007
Sist endret: 2. januar 2023
Dokumentnummer: 14/2007
Dette rundskrivet gjelder ikke lenger
Rundskrivet gjeld for:
Forvaltningsselskap nr. 4
Red. merknad 24. juni 2022:
Dette rundskrivet gjeld ikkje lenger. Sjå likelydande brev til forvaltingsselskap for verdipapirfond, dagsett 21.06.2022, om endring av forvaltingspraksis:
Kredittilsynet presenterer i dette rundskrivet enkelte endringar i forvaltningspraksisen i samband med vedtektsendringar (I) og forvaltningsselskapa si disponering av eiga inntekt (II).
I Endring av forvaltningspraksisen ved vedtektsendringar frå aktivt til passivt samtykke, jf. verdipapirfondlovas § 3-4 2. ledd
Vedtektsendringar som ikkje opplagt er i andelseigarane si interesse, fordi endringane inneber vesentlege endringar av fondet sitt opphavlege investeringsmandat og/eller at fondet si forvaltningsgodtgjersle blir auka, har tidlegare fått Kredittilsynet si godkjenning under føresetnad av aktivt samtykke frå alle andelseigarar. Kredittilsynet har nå endra denne praksisen. Dersom 90 prosent av andelseigarane passivt samtykkjer, kan ein rekne med godkjenning av denne typen endringar. Ein føresetnad er at forvaltningsselskapet følgjer prosedyren som er omtala nedanfor. Mindre vesentlege endringar, som ikkje medfører noka realitetsendring av vedtektene, vil bli behandla som tidlegare.
Prosedyren ved innhenting av passivt samtykke er som følgjer:
- Søknad om vedtektsendring skal sendast til Kredittilsynet, saman med oppmoding om godkjenning av informasjonen som skal sendast til andelseigarane. Ved innhenting av passivt samtykke skal andelseiegarane informerast om kva for konsekvensar endringane vil ha for fondet sine eigenskapar, under dette forventa avkastning, risiko og kostnader.
- Den godkjende informasjonen skal sendast til andelseigarane i brev. Andelseigarane skal ha ein frist på minst to månader frå utsendinga av brevet til å kome med innvendingar mot endringa.
- Dersom andelseigarar som representerer 10 prosent eller meir av forvaltningskapitalen innan fristen som nemnt i punkt 2 seier seg usamde i endringane som er foreslåtte, og dermed ikkje aksepterer endringane, vil endringane ikkje kunne gjennomførast. Har det ikkje kome innvendingar frå andelseigarar som representerer minst 10 prosent av forvaltningskapitalen, skal andelseigarane utan ugrunna opphald informerast om at endringane vil tre i kraft. Det skal informerast i brev. Dette skal gjenta opplysningane som blei sende ut før innvendingsperioden og skal gjere greie for kva endringane medfører og kva for dato endringane vil tre i kraft.
- Forvaltningsselskapa skal orientere Kredittilsynet om passivt samtykke er oppnådd. På bakgrunn av denne informasjonen kan Kredittilsynet avslutte behandlinga av søknaden om vedtektsendring.
- Etter at brevet nemnt i punkt 3 er sendt ut, skal forvaltningsselskapet vente i tre månader i tillegg til tre veker kunngjeringsfrist etter lova, før endringa kan gjennomførast. Samtlege andelseigarar på tidspunktet for utløpet av innvendingsfristen skal i løpet av denne perioden på tre månader og tre veker, ha rett til kostnadsfri innløysing. Andelseigarane skal opplysast om denne retten i brevet.
II Forvaltningsselskapa si disponering av eiga inntekt
Kredittilsynet endrar forvaltningspraksisen slik at det blir opna for at forvaltningsselskapa kan inngå avtalar om inntektsdeling med kundar. Endringa er eit tiltak for å møte bransjen sitt ønske om større fleksibilitet i forhold til forhandlingar om pris overfor store kundar med særskild forhandlingsstyrke.
Verdipapirfondlova med forskrifter gjer ei uttømmande regulering av forvaltningsgodtgjersla for det enkelte fondet. Kredittilsynet ser på bruk av avtalar om inntektsdeling for å gjennomføre ei generell differensiering av forvaltningsgodtgjersla som ei omgåing. Det same gjeld dersom selskapa går over til å inngå avtalar om inntektsdeling på standardisert grunnlag av eit visst omfang.
Kredittilsynet presiserer at forvaltningsselskapa skal sjå til at det blir skild mellom inntektsdeling og forvaltningsgodtgjersle. Disponering av eiga inntekt er eit forhold mellom kunden og forvaltningsselskapet, ikkje mellom kunden og verdipapirfondet. Det faktiske resultatet for investor kan fortone seg likt uavhengig av om ein nyttar differensiert forvaltningsgodtgjersle eller det blir inngått individuell avtale om inntektsdeling mellom forvaltningsselskapa og investor. Juridisk er dette likevel to ulike forhold. Informasjon om høve til å inngå slike avtalar skal derfor ikkje inngå i vedtektene, prospektet eller marknadsføringa for det enkelte fondet. I marknadsføringsmateriellet for forvaltningsselskapet er det ikkje høve til å framstille inntektsdelinga som ein del av den reelle strukturen for godtgjersle i fonda.
Eirik Bunæs
Eystein Kleven