Nye reglar - søknader om løyve som kredittinstitusjon
Nyheter
Publisert: 24. mars 2023
Finanstilsynet har fastsett endringar i CRR/CRD IV-forskrifta slik at forordning (EU) 2022/2580 og forordning (EU) 2022/2581, som angir kva for opplysningar som ein skal oppgi i søknader om løyve som kredittinstitusjon, gjeld frå 18. juli 2023.
Forordning (EU) 2022/2580 og forordning (EU) 2022/2581 vart vedtekne i EU i juni 2022. Forordningane er no tekne inn i EØS-avtalen. EØS-forpliktingar som svarer til forordningane blir gjennomførte i norsk rett med referanse til CRR/CRD IV-forskrifta § 2.
Forordning (EU) 2022/2580 gir utfyllande reglar til finansføretakslova kapittel 3 om kva opplysningar føretak som søker om løyve som kredittinstitusjon skal oppgi til tilsynsmyndigheitene.
Forordning (EU) 2022/2581 inneheld malar og skjema for opplysningane som ein skal oppgi.
Reglane i dei to forordningane gjeld for søknader som blir sende inn frå 18. juli 2023.
Forordningane kan lesast her:
- Commission Delegated Regulation (EU) 2022/2580 of 17 June 2022 supplementing Directive 2013/36/EU of the European Parliament and of the Council with regard to regulatory technical standards specifying the information to be provided in the application for the authorisation as a credit institution, and specifying the obstacles which may prevent the effective exercise of supervisory functions of competent authorities
- Commission Implementing Regulation (EU) 2022/2581 of 20 June 2022 laying down implementing technical standards for the application of Directive 2013/36/EU of the European Parliament and of the Council with regard to provision of information in applications for authorisation of a credit institution