Samla resultat for forsikringsformidlingsføretaka auka frå 2015 til 2016
Nyheter
Publisert: 31. mai 2017
Sist endret: 7. februar 2020
Forsikringsformidlingsføretaka hadde eit samla resultat før skatt på 311 millionar kroner i 2016. Dette er ein auke på 66 millionar kroner (27 prosent) frå 2015. Meklarføretaka hadde ein auke på 67 millionar kroner (35 prosent) i 2016.
Vedlegg:
Finanstilsynets rekneskapsoversikt byggjer på rapportar frå 105 (99) forsikringsformidlingsføretak (2015-tal i parentes). Av desse var 66 (63) forsikringsmeklingsføretak, 39 (36) forsikringsagentføretak for utanlandske forsikringsføretak og 10 (12) gjenforsikringsmeklingsføretak. 9 (11) føretak dreiv verksemd for både forsikringsmekling og gjenforsikringsmekling. Tala for forsikringsformidlingsføretak inkluderer ikkje agentverksemd for forsikringsføretaksom fører eigne agentregister. Det gjeld norske forsikringsføretakog norske filialar av utanlandske forsikringsføretak. Aksessoriske forsikringsagentar registrert i Finanstilsynets verksemdregister er heller ikkje rapporteringspliktige.
Driftsinntektene til føretaka var på totalt 2 731 (2 521) millionar kroner. Av dette var 16 prosent (18 prosent) forsikringsformidlingsinntekt frå forsikringsføretak. Den tilsvarande delen for meklarføretaka var aleine 7(8) prosent. Forsikringsmeklarane har forbod mot å ta vederlag for forsikringsformidling frå forsikringsføretaka, men det er òg unntak etter forsikringsformidlingslova. Driftskostnadene var totalt 2 433 (2 309) millionar kroner. Eigenkapitalen utgjorde 1 003 (798) millionar kroner.
I 2015 og i 2016 hadde 30 prosent av føretaka negativt årsresultat. Føretaka med negativt årsresultat hadde ein del på 7 (32) prosent av total formidla forsikringspremie. 11 (12) forsikringsformidlingsføretak hadde negativ eigenkapital i 2016.
Formidla premie via forsikrings- og gjenforsikringsmeklingsføretak er redusert med 10,8 prosent, frå 26,8 milliardar kroner til 23,9 milliardar kroner i 2016. Formidla premie via dei 39 forsikringsagentføretaka utgjorde 7,3 (9,2) milliardar kroner i 2016. Dette er ein reduksjon på 20,2 prosent frå 2015.
Forsikringsformidlingslova trådde i kraft 1. januar 2006. Forsikringsformidling er her definert vidt og omfattar i utgangspunktet all mellommannsverksemd knytt til inngåing av forsikringsavtaler. Regelverket for forsikringsformidlarar omfattar tre verksemdområde: forsikringsmekling, gjenforsikringsmekling og forsikringsagentar.
Talet på rapporteringspliktige føretak under tilsyn har auka med seks føretak frå 2015 til 2016. Fire forsikringsformidlingsføretak er avvikla eller avregistrert, mens ti nye føretak er registrert i 2016.
I Finanstilsynets verksemdregister var det per 27. april 2017 totalt registrert 130 forsikringsformidlingsføretak (inklusive aksessoriske forsikringsagentar). I tillegg finn ein der koplingar til eigne forsikringsagentregister til norske forsikringsføretak og til norske filialar av utanlandske forsikringsføretak.
Kontaktperson:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.