Risiko og sårbarheitsanalyse av finanssektoren sin bruk av IKT
Nyheter
Publisert: 27. mars 2015
Sist endret: 18. mars 2019
Invitasjon til pressebriefing av ROS-analysen 2014 torsdag 9. april.
Tid: Torsdag 9. april 2015 kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo
Finanstilsynet sin årlege rapport oppsummerer risiko og sårbarheit knytte til finanssektoren sin bruk av IKT og omtaler mellom anna utviklingstrekk og korleis føretak og bransjen etterlever regelverket.
Tema som vil bli presenterte, er mellom anna:
- Resultat frå tilsyn med føretak og oppfølging av rapporterte hendingar
- Spørjeundersøking – næringa si vurdering av risikofaktorar
- Sårbarheit knytt til finansføretaka sin bruk av IKT
- Kriminelle åtak mot betalingssystem og tap
- Utviklingstrekk – endringar i organisering, utkontraktering, betalingsformidling og regelverk
Pressebriefinga blir overført via nett-tv på Finanstilsynet sin nettstad.
Enkel servering.
Hugs å ta med pressekort/legitimasjon og berekne god tid ved frammøte.
Velkomen!