EBA presenterer foreløpig rapport om rekapitalisering av større europeiske bankar
Nyheter
Publisert: 11. juli 2012
Sist endret: 22. mars 2019
Den europeiske banktilsynsmyndigheita, European Banking Authority (EBA), publiserer i dag ein rapport om status for rekapitaliseringsplanen for større europeiske bankar som blei sett i verk i desember i fjor.
Ifølgje rapporten har dei aller fleste bankane nådd ein rein kjernekapitaldekning på ni prosent etter EBAs tilrådingar, utan at dette har redusert bankane sine utlån til hushald og føretak. Den endelege rapporten vil bli publisert i september.