Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Enklare format for innsidelister – MAR

Høyring frå ESMA: Enklare format for innsidelister – MAR

Høringer

Publisert: 4. april 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit forslag til endra nivå 2-reglar til marknadsmisbruksforordninga (MAR). Høyringsfristen er 3. juni 2025.

I oktober 2024 vedtok EU ein regelverkspakke på verdipapirområdet, karakterisert som "Listing Act".  Regelverkspakken medfører endringar i mellom anna MAR. Listing Act pålegg ESMA å gå gjennom Nivå 2-reglar om standardiserte format for innsidelister. ESMA skal vurdere om det forenkla formatet for innsidelister for utskrivarar på SMB-vekstmarknader skal utvidast til å gjelde for andre noterte utskrivarar.

I høyringa ber ESMA om tilbakemelding på forslag til forenkla format for innsidelister.

Vi ber om at Finanstilsynet blir informert dersom det er forhold av særleg betydning som tilsynet bør vere merksam på. I utgangspunktet vil det ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast i norsk rett.

Høyringsfristen er 3. juni 2025.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on the Draft implementing technical standards on the extension of the use of the alleviated format of insider lists
  • ESMA consults on simplified insider list formats under the Listing Act

 

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less