Høyring frå ESMA: Revidering av reglar om innhaldskrav i søknad om anerkjenning som administrator av referanseverdiar i tredjeland
Høringer
Publisert: 11. august 2022
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit forslag til revidering av den tekniske reguleringsstandarden (EU) 2018/1645 om form og innhald i søknad om anerkjenning som administrator av referanseverdier i tredjeland. Høyringsfristen er 9. september 2022.
I 2016 fastsette EU reglar om administratorar av referanseverdiar i tredjeland i forordning (EU) 2016/1011 (BMR). Reglane er tatt inn i norsk rett i referanseverdiloven. I kommisjonsforordning (EU) 2018/1645 er det fastsett utfyllande reglar om krav til form og innhald i søknad om anerkjenning som administrator av referanseverdiar i tredjeland. Denne standarden må endrast for å reflektere endringane i BMR sitt godkjenningsregime, som blei introdusert i 2019 i samband med ESA si overføring av tilsynsansvar til ESMA frå januar 2022.
For å sikre likebehandling og ei forsvarleg vurdering av om søkaren har etablert alle nødvendige ordningar for å oppfylle krava i referanseverdiforordninga, foreslår ESMA å spesifisere krava til informasjonen som blir tatt inn i søknadene.
Finanstilsynet legg til grunn at reglane blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i referanseverdiforskrifta. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Finanstilsynet ber om å bli orientert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfristen er 9. september 2022.
Høyringsnotatet og nærmare informasjon finst på ESMA sine nettsider:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.