Høyring fra EBA om nye tekniske standardar for den alternative standardmetoden (FRTB-SA) for marknadsrisiko som ein del av sin FRTB roadmap
Høringer
Publisert: 22. mars 2021
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring eit utkast til to tekniske standardar (RTS) som ein del av EBA sitt roadmap for dei nye reglane gjeldande marknads- og motpartsrisiko (Fundamental Rewiev of the Trading Book, FRTB). EBA ønskjer innspel på høyringane innan 12. juni 2021.
Føretak som brukar den alternative standardmetoden (FRTB-SA) for utrekning av kapitalkrav for marknadsrisiko, skal også halde eigenkapital for risiko for misleghald samt for så kalla attverande risiko (residual risk).
Det er sendt på høyring to tekniske standardar som gir spesifikasjonar for implementeringa av desse elementa.
Den eine tekniske standarden spesifiserer korleis bruttobeløp ved plutseleg misleghald (gross jump-to-default amount) skal reknast ut. Den andre tekniske standarden spesifiserer utrekninga av tillegg for attverande risiko (residual risk add-on, RRAO). Den inneheld ei liste over slags type finansielle instrument ein slik attverande risiko skal reknast ut for, samt ei liste over risikoar som i seg sjølv ikkje utgjer ein slik attverande risiko.
Høyringsfristen er 12. juni 2021.
Høyringsnotata og meir informasjon om høyringane:
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.