Generell informasjon om marknadsåtvaringar
Sist publisert: 21. mars 2019
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbydt aksjar, fondsdelar og andre moglegheiter for investering per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå ”investeringsrådgivarar” eller andre seljarar som dei ikkje kjenner frå før.
For å tilby slike tenester i Noreg, krevst som utgangspunkt løyve frå Finanstilsynet. Føretak med løyve frå eit anna EØS-land (herunder EU-land) kan tilby investeringstenester i Noreg dersom dei melder frå til Finanstilsynet på førehand.
Erfaringar frå både Noreg og andre land tyder på at mange av føretaka som uoppfordra gir investeringstilbod, ikkje har dei nødvendige løyva. Desse investeringstilboda har som regel òg vist seg å vere reine svindelforsøk. Kjenneteikn ved førespurnader frå slike føretak er ofte at tilbodet kjem uoppfordra, at seljaren er svært pågåande, at investeringa blir framstilt som svært lønnsam og utan nevneverdig risiko, og at det er viktig at kunden bestemmer seg raskt.
Finanstilsynet tilrår alle som mottek slike tilbod om å ta sine forholdsreglar:
- Sjekk opp føretaket – uansett kor tillitvekkande personen som ringer eller sender e-post er
- Jo meir som blir lova av forteneste og "garantert" avkasting, jo meir tvilsamt er det
- Be alltid om å få tilsendt skriftleg informasjon før du eventuelt aksepterer eit tilbod
- Stol ikkje på ei internettside utan å sjekke opp føretaket på Finanstilsynets nettstad
- Send aldri pengar før du har undersøkt kva dette er
- Oppgi aldri bankkontonummer eller tilgangsinformasjon til nettbanken din.
Alle norske føretak med løyve til å tilby denne typen tenester er oppførde i Finanstilsynets konsesjonsregister.
Dersom Finanstilsynet blir kjend med namngitte aktørar som opererer i marknaden utan løyve, blir marknadsåtvaringar publiserte på Finanstilsynets nettstad.
Investorar bør sjekke at det aktuelle føretaket ikkje står på denne lista før eit investeringstilbod blir akseptert. Denne lista er dessverre aldri komplett. Svindelføretak skiftar ofte namn. Sjekk derfor alltid Finanstilsynets register over føretak som kan tilby tenestene i Noreg.
I tillegg inneheld nettstaden til The International Organization of Securities Commissions (IOSCO) informasjon om investoråtvaringar frå tilsynsmyndigheiter i andre land.