Forside Markedsadvarsler Market Solution AS

Market Solution AS

Finanstilsynet åtvarar mot å investeringstilbod marknadsført av Market Solution AS.

Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Market Solution AS, Karl Johans gate 18, 0159 Oslo, har kontakta norske investorar og tilbode investeringstenester.

Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Market Solution AS ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Market Solution AS.

Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.