Inkassoføretak
Rapportere
Sist publisert: 15. desember 2025
Informasjon om rapportering for inkassoføretak
Om rapporteringa
Inkassoføretak rapporterer elektronisk via Altinn-portalen.
Rapporteringsfristar
Tal for første halvår skal vere mottekne av Finanstilsynet innan 1. september. For andre halvår er fristen 1. mars.
Elektronisk rapporteringsskjema for inkassoføretak (KRT-1006)
Det elektroniske skjemaet er tilgjengeleg på føretaket si hovudside i Altinn for alle føretak som på rapporteringstidspunktet, 30. juni og/eller 31. desember, har løyve til å drive inkassoverksemd. Innlogging skjer med personnummer og PIN-kodar. PIN-kodane går fram av skattekortet og sjølvmeldinga. Det er òg mogleg å bestille eingongskodar. Etter innlogging må ein velje riktig føretak under «Rapportar for» øvst på sida.
Det elektroniske skjemaet er tilgjengeleg i Altinn éin månad før rapporteringsfristen. Skjemaet er tilgjengeleg frå 1. februar for rapportering for heile året (rapporteringsfrist 1. mars) og frå 1. august for rapportering for første halvår (rapporteringsfrist 1. september).
Det er innarbeidd hjelpetekstar i skjemaet som gir utfyllande informasjon om dei enkelte felta. Hjelpetekstane blir synlege ved å trykke på spørsmålsteiknet ved det aktuelle spørsmålet.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med