Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

CRR Kapitaldekning (COREPOF) og uvektet kjernekapitalandel (COREPLR)

Rapporteringskrav knyttet til kapitaldekning (COREPOF) og uvektet kjernekapitalandel (COREPLR). 

Rapportering

CRR - Kapitaldekning (COREPOF) og uvektet kjernekapitalandel (COREPLR)

Innhaldet i rapporteringa går fram av EBA sine tekniske standardar for rapportering og for endringsstandarden deira. Sjå sida CRD Teknisk løsning for informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet som føretaka skal bruke når dei rapporterer. Finanstilsynet utarbeidde tidlegare ein eigen, uoffisiell rettleiing (ikkje oppdatert etter 29.04.2020). 

Føretaka skal følge rapporteringsmateriellet frå det gjeldande rammeverket som EBA har publisert.

Rapporteringa av kapitaldekning (COREPOF) og uvektet kjernekapital (COREPLR) skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som en zip fil med XBRL.CSV format. Tidlegare vart kapitaldekningsrapporteringa rapportert gjennom KRT‑1078‑ og KRT‑1079‑skjemaa i Altinn, og uvektet kjernekapitaldel gjennom KRT‑1072‑ og KRT‑1073‑skjemaa.

Filnamnet for zip-fila må følgje ein fastsett struktur. Ei nærare forklaring på korleis zip-fila skal namngivast, finst på sida Krav til filnamn i e-Reg

  • CRD IV Teknisk løsning
  • XBRL - informasjon og rapporteringsmateriale fra EBA

Gå til informasjonssiden for rapportering gjennom e-Reg

Om kapitaldekning

Kapitaldekningsregelverket skal gi betre risikostyring i institusjonane og sørge for betre samsvar mellom risiko og kapital.

Om uvekta andel kjernekapital (leverage ratio)

Den uvekta andelen kjernekapital har til hensikt å fungere som sikkerheit mot for lågt berekningsgrunnlag i kapitaldekningsberekningane, og sørge for at bankane held eit minimum av kapital, sjølv ved vridning av porteføljen mot lågrisikosegment.

Kven skal rapportere?

Bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern. Filialar av utanlandske kredittinstitusjonar i Noreg (NUF) skal berre rapportere IP-Losses.

Kva skal føretaka rapportere?

Kapitaldekningsrapporteringa under CRR IV i Noreg vil vere i tråd med EU-standardane som følger av «Implementing Technical Standards (ITS) on Supervisory Reporting». Norske skjema for kapitaldekningsrapportering følger av Annex I og II til denne ITS-en.

Rapporteringsfrister

Føretaka skal rapportere kapital (kapitaldekning, leverage ratio og IP-losses) kvartalsvis på solo og konsolidert nivå innan desse fristane:

1. kvartal: 12. mai
2. kvartal: 25. august
3. kvartal: 11. november
4. kvartal: 11. februar 

CRD/CRR-rapporteringa

Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.

EBA reporting frameworks

Kontakt

Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post

Mer informasjon om kapitaldekning

  • Kapitaldekning

Relatert innhold

  • Teknisk standard fra EU-kommisjonen
  • Teknisk standard leverage ratio
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less