Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

BRRD Minstekrav til ansvarleg kapital og konvertibel gjeld (MREL/TLAC)

Rapportering knytte til minstekrav til ansvarleg kapital og konvertibel gjeld (MREL), og minstekrav til total tapsabsorberingskapasitet (TLAC). Rapporteringa kjem som ei følge av gjennomføringa av EU si bankpakke (CRR2/CRD5/BRRD2) i norsk rett frå og med 1. juni 2022. Rapporteringa gjeld berre føretak som har fått fastsett MREL-krav av Finanstilsynet.

Rapportering

BRRD MREL og TLAC

Føretaka skal følge rapporteringsmateriellet frå det gjeldande rammeverket som EBA har publisert. Det gjeldande rammeverket inneheld ITS, valideringsreglar, DPM og taksonomipakke med mellom anna eksempelfiler. Sjå òg nettsida CRD Teknisk løsning for meir informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet.

Rapporteringa av MREL/TLAC skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som en zip fil med XBRL.CSV format. Tidligere ble rapporteringen utført gjennom KRT-1400 og KRT-1401 skjemaene i Altinn. 

Filnamnet for zip-fila må følgje ein fastsett struktur. Nedanfor følgjer eit døme på filnamn for MREL/TLAC-rapportering med referansedato 31. mars 2026. Merk at modul-koden som er forventa i filnamnet, er MRELTLAC.

Eksempel: 999888777.CON_MRELTLAC_2026-03-31_20260402013221100.zip

Utdypende forklaring på hvordan zip filen skal navngis finnes på siden Krav til filnavn i e-Reg

  • XBRL – informasjon og rapporteringsmateriale fra EBA
  • CRD Teknisk løsning

Gå til informasjonssiden for rapportering gjennom e-Reg

Kven skal rapportere?  

Det er berre føretak som Finanstilsynet har fastsett MREL for, som er omfatta av rapporteringa.  

Kva skal føretaka rapportere?

Kva for skjema som skal rapporterast, avheng av om føretaket er ei krisehandteringseining (resolution entity), eller om føretaket ikkje er ei krisehandteringseining, men har eit internt MREL-krav (entity that is not a resolution entity).

Tabellen under gir ei oversikt over kva for skjema som skal rapporterast av dei ulike typane føretak, og kva for konsolideringsnivå det skal rapporterast for. Merk at skjema M 07.00 skal leverast, sjølv om føretaket ikkje har noko å rapportere i dette skjemaet.

For nærare informasjon om kva som skal rapporterast, sjå vedlegg II i gjennomføringsforordning 2021/763 til EU-kommisjonen:

  • Rettleiing – EU-kommisjonens gjennomføringsforordning om rapportering av minstekrav til ansvarleg kapital og konvertibel gjeld

Skjema

Konsolidert Ikkje-konsolidert

M 01.00 – Nøkkeltal for MREL og TLAC (KM2)

Krisehandteringseiningar

 

M 02.00 – Kapasitet og samansetning av MREL og TLAC (TLAC1)

Krisehandteringseiningar

 

M 03.00 – Intern MREL og intern TLAC (ILAC)

Føretak som ikkje er krisehandteringseining

 

M 04.00 – Finansieringsstruktur for konvertibel gjeld (LIAB-MREL)

Alle føretak

 

M 05.00 – Prioritetsrekkefølge (TLAC2)

 

Føretak som ikkje er krisehandteringseining

M 06.00 – Prioritetsrekkefølge (TLAC3)

 

Krisehandteringseiningar

M 07.00 – Instrument som er regulerte av tredjelandsrett (MTCI)

Alle føretak

 

Rapporteringsfristar

  1. kvartal: 19. mai
  2. kvartal: 18. august
  3. kvartal: 18. november
  4. kvartal: 18. februar

Dersom rapporteringsfristen fell på ein helligdag, laurdag eller søndag, skal føretaka levere rapporten den neste arbeidsdagen.

Relatert innhald

  • Temaside for krisehåndtering

Kontakt

E-post for spørsmål knyttet til MREL/TLAC-rapportering

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less