Revisjon
Sist publisert: 13. juni 2025
Ein velfungerande marknad krev at aktørane har tillit til den finansielle rapporteringa frå næringslivet. God kvalitet på revisjonen bidrar til å styrke denne tilliten. Finanstilsynet gjennomførte i 2024 tilsyn hos tre revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse og 27 andre revisjonsføretak. Brot på reglar har i nokre tilfelle resultert i vedtak om straffegebyr eller tilbakekalling av godkjenning.
Fakta om revisjon i Noreg
I Noreg er det 435 revisjonsselskap. Sju av desse selskapa reviderer føretak av allmenn interesse.
Per desember 2024 hadde 4493 personar godkjenning som statsautorisert revisor. Desse kan vere oppdragsansvarlege revisorar i revisjonsselskap og signere revisjonsrapportar og andre revisorerklæringar. Av desse var 43 statsautoriserte revisorar registrerte med enkeltpersonføretak i Føretaksregisteret.
83 av dei statsautoriserte revisorane har òg godkjenning som berekraftsrevisor.
Revisorregisteret gir ei oversikt over kva revisjonsføretak og personar som har godkjenning frå Finanstilsynet.
Tilsyn
Revisorar som reviderer føretak av allmenn interesse, det vil seie føretak som har skrive ut verdipapir på Oslo Børs (noterte føretak), bankar, forsikringsføretak og kredittføretak, skal etter revisorlova ha periodisk tilsyn minst kvart tredje år, og Finanstilsynet gjennomfører dette. Andre revisorar skal ha periodisk tilsyn minst kvart sjette år. Den norske Revisorforening (DnR) utfører desse kontrollane av medlemmene sine på vegner av Finanstilsynet. I tillegg gjennomfører Finanstilsynet risikobasert tilsyn basert på signal og innrapporteringar for å sjå til at revisjonsføretaka og revisjonsutføringa er i samsvar med revisorlova og god revisjonsskikk.
Tilsynsaktiviteten i 2024
Finanstilsynet avslutta tre tilsyn frå 2023 med revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse. Alle tre fekk straffegebyr for å bryte både revisorlova og kvitvaskingslova.
Finanstilsynet gjennomførte i 2024 tilsyn med tre andre revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse. Eitt av desse blei gjennomført saman med den amerikanske revisortilsynsmyndigheita (PCAOB).
Finanstilsynet gjennomførte òg tilsyn med tre revisjonsføretak som ledd i ei svindelsak knytt til påstått låneformidling. Vidare hadde vi tilsyn med eit revisjonsføretak som dreiv verksemd der det gav revisorattestasjonar etter selskapslovgivinga utan at det hadde utført lovfesta revisjon for nokon av revisjonsklientane. Revisjonsføretaket har avvikla revisjonsverksemda si.
Finanstilsynet gjennomførte i 2024 tilsyn med 23 andre revisjonsføretak basert på risikobasert utveljing. Tilsynet gjorde eitt vedtak om å kalle tilbake godkjenninga som revisjonsføretak, to vedtak om å kalle tilbake godkjenninga som statsautorisert revisor, tre vedtak om straffegebyr etter revisorlova og to straffegebyr etter kvitvaskingslova.
Alle revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse, rapporterer til Finanstilsynet om revisjonsutføringa for kvart enkelt oppdrag. Opplysingane blir brukte til å følge opp revisjonsføretaka og i statistikk og informasjon om revisjonsmarknaden.
I 2024 gjennomførte Finanstilsynet eit dokumentbasert tilsyn med alle revisjonsføretak der dei måtte rapportere om overhaldinga av lov- og forskriftskrava om verksemdsstyring.
Godkjenningar
I 2024 fekk 18 føretak godkjenning som revisjonsføretak og 1312 personar godkjenning som statsautorisert revisor.
Det har vore ein stor auke i antalet personar som har søkt om godkjenning som statsautorisert revisor på grunn av overgangsordninga i revisorlova som gjekk ut 31. desember 2023. Etter den tidlegare lova var alle statsautoriserte revisorar oppførte i Revisorregisteret. Etter den gjeldande lova må dei som ikkje hadde tilgang til å ta på seg revisjonsoppdrag før 31. desember 2023, søke om revisorregisternummer for framleis å stå oppført i registeret. Dei som ikkje har gjort dette, fekk godkjenninga si deponert og kan ikkje lenger nytte tittelen statsautorisert revisor.
I 2024 utvikla og lanserte Finanstilsynet eit nytt Altinn-skjema for å søke om godkjenning som berekraftsrevisor. I 2024 fekk 83 statsautoriserte revisorar godkjenning som berekraftsrevisor.
Analyse og overvaking
Finanstilsynet overvaker løpande revisjonsbransjen som grunnlag for ei risikobasert tilnærming i tilsynsarbeidet. Det dokumentbaserte tilsynet som Finanstilsynet gjennomførte i 2024, omfatta alle revisjonsføretaka, og det gir ei god oversikt over bransjen og er eit godt grunnlag for anna tilsynsmessig oppfølging. Finanstilsynet får òg god innsikt frå rapporteringa frå føretak av allmenn interesse om korleis revisjonen er utført.
Regelverksarbeid
Finanstilsynet deltok i det europeiske og globale tilsynssamarbeidet gjennom CEAOB (Committee of European Auditing Oversight Bodies) og IFIAR (International Forum of Independent Audit Regulators).
Finanstilsynet gav i 2024 ein høyringsuttale til forslaget til endringar i revisorforskrifta om gjennomføring av det felleseuropeiske regelverket om berekraftsrapportering (CSRD).
Finanstilsynet gav òg ein høyringsuttale til forslaget frå Revisorforeninga om å innføre ein standard for revisjon av mindre komplekse einingar i Noreg.
Finanstilsynet utarbeidde eit høyringsnotat til reglar om utdanningskrav, praktisk opplæring og overgangsordninga for berekraftsrevisorar.
Rapporter fra andre tilsynsområder:
-
Bankar og anna finansieringsverksemd
-
Forsikring og pensjon
-
Infrastrukturen på verdipapirområdet
-
Marknadsåtferd i verdipapirmarknaden
-
Verdipapirføretak
-
Fond og kollektive investeringar
-
Prospektkontroll – omsettelege verdipapir
-
Finansiell rapportering
-
Rekneskapsverksemd
-
Eigedomsmekling
-
Inkassoverksemd