Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Publikasjonar og analysar >
Årsrapport >
Rapportar frå tilsynsområda for 2024 >
Forsikring og pensjon

Forsikring og pensjon

Sist publisert: 12. juni 2025

Regulering og tilsyn skal bidra til at forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlingsføretak er solide, slik at dei er i stand til å oppfylle forpliktingane sine, at dei har god styring og kontroll, og at dei varetar interessene og rettane til kundane. Viktige tema i tilsynsarbeidet i 2024 var marknadsrisiko, forsikringsrisiko, forbrukarvern og føretaka sin bruk av kunstig intelligens.

Fakta om forsikring og pensjon i Noreg

I Noreg er det 48 skadeforsikringsføretak og 10 livsforsikringsføretak som har løyve frå norske myndigheiter til å yte forsikringstenester. Totalt er det 74 pensjonskassar som har løyve til å drive verksemd i Noreg, fordelt på 42 private pensjonskassar og 32 kommunale pensjonskassar.

2478 forsikringsformidlingsføretak var registrerte i verksemdsregisteret til Finanstilsynet ved utgangen av 2024. Av desse var det 58 forsikringsmeklarføretak, inkludert elleve med løyve til å drive gjenforsikringsmeklingsverksemd, eitt reint gjenforsikringsmeklarføretak, 378 forsikringsagentføretak og 2030 aksessoriske forsikringsagentføretak.

Det er òg ei rekke utanlandske forsikringsføretak og forsikringsformidlarar som har filial i Noreg, eller som har meldt at dei vil tilby tenester i Noreg. Desse har løyve frå og er under tilsyn i andre land i EØS.

Verksemdsregisteret til Finanstilsynet gir ei oversikt over kva forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlarar som har løyve til å yte ulike tenester i Noreg.

Analyse og overvaking

Finanstilsynet får omfattande periodisk rapportering frå forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlarar. Rapporteringa er ein viktig del av grunnlaget for å prioritere risikoområde og velje ut enkeltføretak i tilsynsverksemda.

Rapporteringa er òg grunnlag for ei rekke analysar Finanstilsynet utarbeider på bransjenivå. Dei følgande rapportane frå 2024 er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet:

  • kvartalsvise rapportar som viser lønnsemda og balansesamansetninga i livsforsikringsføretaka og skadeforsikringsføretaka
  • kvartalsvise overordna rapportar om soliditeten i finansføretaka mfl. der både forsikringsføretaka og pensjonskassane er omtalte (pensjonskassane inngår kvart halvår) 
  • halvårlege rapportar som viser lønnsemda og balansesamansetninga i pensjonskassane
  • halvårlege utfyllande rapportar om soliditeten i pensjonskassane
  • årlege utfyllande rapportar om soliditeten i forsikringsføretaka

I tillegg til den regelmessige rapporteringa kan Finanstilsynet pålegge utsette føretak ekstraordinær rapportering etter ei konkret vurdering av behov for hyppigare eller meir detaljert informasjon. I 2024 var to forsikringsføretak underlagde slik ekstraordinær rapportering.

Finanstilsynet gjennomførte òg ad hoc-analysar av risikoar i føretak og marknader der vi vurderte det som relevant.

Avansert teknologi – kunstig intelligens 

Tilsynet kartla sommaren 2024 bruken av avansert teknologi, for eksempel basert på kunstig intelligens, i 31 forsikringsføretak. Føretaka blei bedne om å gjere greie for bruken, kompetansen på ulike nivå, systemet for styring og kontroll, graden av utkontraktering, korleis dei varetar etiske problemstillingar og dessutan planar framover for å bruke avansert teknologi. Kartlegginga viste at slik teknologi blir brukt i svært ulik grad i føretaka. Vi publiserte oppsummeringa av kartlegginga på nettstaden til Finanstilsynet i september 2024. Finanstilsynet ventar at føretaka sikrar forsvarleg bruk av avansert teknologi.

Tilsyn

Finanstilsynets tilsyn på forsikrings- og pensjonsområdet er risikobasert. Prioriteringane blir baserte på rapportering, analysar av risikoar og sårbarheiter og dessutan signal og annan informasjon Finanstilsynet får om føretak og marknader. Under eit tilsyn går Finanstilsynet gjennom systemet i føretaket for styring og kontroll, inkludert strategiar og retningslinjer, organisering, overvaking og rapportering. I tillegg vurderer vi risikonivået og kapitaliseringa i føretaket.

Finanstilsynet gjennomførte tilsyn i eitt livsforsikringsføretak og to pensjonskassar i 2024. Det var òg tilsyn i seks skadeforsikringsføretak. I eit av skadeforsikringsføretaka var tilsynet knytt til den interne modellen i føretaket for å berekne solvenskapitalkrav.

Finanstilsynet gjennomførte òg to IKT-tilsyn i forsikringsføretak i 2024 der hovudtemaa var IKT-risiko og -sikkerheit og dessutan beredskap.

Uføretariffar i kommunale tenestepensjonsordningar

Hausten 2023 utarbeidde Finanstilsynet ein analyse av uføretariffar nytta i kommunale tenestepensjonsordningar, blant anna fordi nokre pensjonsinnretningar hadde meldt inn tariffar som syntest låge. På bakgrunn av analysen bad Finanstilsynet enkelte pensjonsinnretningar om å gjere greie for korleis dei sikrar at pristariffane er tilstrekkelege. Nokre pensjonsinnretningar har i etterkant valt å justere sine uføre- og reaktiveringstariffar, og dei fleste av desse har auka tariffane. Ei oppsummering av analysen, og dessutan Finanstilsynet si oppfølging og forventingar til føretaka, blei publiserte på nettstaden til Finanstilsynet i desember 2024.

Klimarisiko

Forsikringsføretaka rapporterer regelmessig til Finanstilsynet om eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA). Basert på den sist innsende ORSA-rapporten frå forsikringsføretaka kartla Finanstilsynet analysar og vurderingar av klimarisiko i 31 forsikringsføretak. Kartlegginga omfatta i kva grad klima er tatt inn i scenarioanalysar, og kva tiltak som blir vurderte som relevante i slike scenario. Finanstilsynet følger utviklinga og tar opp problemstillingane knytte til behandling av klimarisiko i ORSA som eit ledd i den løpande tilsynsverksemda. Kartlegginga blei publisert på nettstaden til Finanstilsynet i oktober 2024.

Klientmidlar i forsikringsformidlingsføretak

Finanstilsynet gjennomførte hausten 2024 eit dokumentbasert tematilsyn i åtte forsikringsformidlingsføretak. Temaet for tilsynet var å vurdere klientmiddelhandteringa i føretaka, blant anna korleis føretaka behandlar renter på klientmiddelkontoane.

Internasjonalt tilsynssamarbeid

Finanstilsynet samarbeider med andre nasjonale finanstilsyn om tilsyn med internasjonale forsikringskonsern. Finanstilsynet leier slike tilsynskollegium for Storebrand og Gjensidige og deltar i tillegg i fire andre tilsynskollegium. Det er òg løpande samarbeid med tilsynsmyndigheitene i andre land om utanlandske filialar og verksemd utanfor EØS-området.

Løyve og andre forvaltingssaker

Finanstilsynet gav i 2024 eitt løyve til å drive forsikringsverksemd og eitt løyve til å slå saman to forsikringsføretak.

Finanstilsynet behandla 70 meldingar om utkontraktering av IKT-verksemd i 2024.

Kriseberedskap og -handtering

Finanstilsynet har beredskap for å handtere kriser i både enkeltføretak og marknader. Tilsynsverksemda skal førebygge slike kriser. 

Finanstilsynet hadde i 2024 tett oppfølging og skjerpa beredskap overfor enkelte forsikringsføretak som har hatt svak solvens og mangelfull styring og kontroll med verksemda.

Finanstilsynet er sekretariat for Garantiordningen for skadeforsikring. Stortinget vedtok i 2023 å forskotere krav frå skadelidde som var dekte av forsikringsavtalar inngått på grensekryssande basis i det danske forsikringsselskapet Alpha Insurance A/S. Garantiordninga administrerer desse utbetalingane. Ordninga fekk i 2024 ca. 120 saker frå konkursbuet til Alpha og har betalt ut over 70 millionar kroner i erstatning til skadelidde så langt. Arbeidet held fram i 2025, men det er venta langt færre saker framover.

Regelverksarbeid på pensjonsområdet

Finanstilsynet deltok våren 2024 i ei arbeidsgruppe sett ned av Finansdepartementet som vurderte regelverket for garanterte pensjonsprodukt. I tillegg til Finansdepartementet og Finanstilsynet deltok òg Arbeids- og inkluderingsdepartementet, NHO og LO i gruppa. Gruppa sende rapporten sin til Finansdepartementet i september 2024, og rapporten blei send på høyring då.

Finanstilsynet deltar i ei arbeidsgruppe som greier ut nødvendige endringar i regelverket for dei private tenestepensjonsordningane som følge av Stortinget sitt vedtak i behandlinga av Meld. St. 6 (2023-2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil. Arbeidsgruppa skal levere utgreiinga si innan utgangen av februar 2025.

Rapporter fra andre tilsynsområder:

  • Bankar og anna finansieringsverksemd

  • Infrastrukturen på verdipapirområdet

  • Marknadsåtferd i verdipapirmarknaden

  • Verdipapirføretak

  • Fond og kollektive investeringar

  • Prospektkontroll – omsettelege verdipapir

  • Finansiell rapportering

  • Rekneskapsverksemd

  • Revisjon

  • Eigedomsmekling

  • Inkassoverksemd

Til toppen av siden expand_less
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less