Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse onsdag 8. juni
Nyheter
Publisert: 1. juni 2022
Sist endret: 8. juni 2022
Finanstilsynet legg fram rapporten Finansielt utsyn – juni 2022.
Tid: Onsdag 8. juni kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Pressekonferansen blir òg overført via nett-tv.
I presentasjonen vil Finanstilsynet drøfte utviklinga og sårbarheitene i marknadene og finansnæringa, og utsiktene for finansiell stabilitet i lys av mellom anna auka inflasjon og renteoppgang. Resultata frå årets stresstest av norske bankar og Finanstilsynet sine vurderingar av soliditeten og lønnsemda til bankane inngår i presentasjonen.
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan tysdag 7. juni kl. 15.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Etter pressekonferansen er det mogleg å avtale ein-til-ein-intervju per telefon eller Teams ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf. 40 90 03 50.