CRR Store eksponeringar (COREPLE)
Rapporteringskrava for store eksponeringar er omtalte i kapitalkravsforordninga (CRR) del 4. Alle føretak som er omfatta, har plikt til å rapportere store eksponeringar, både på solo- og konsolidert nivå. Ei stor eksponering er definert som ei eksponering som før unnatak og sikkerheitsstilling utgjer 10 prosent eller meir av netto kjernekapital.
Rapportering
CRR Store eksponaringer (COREPLE)
Føretaka skal følgje rapporteringsmateriellet som følgjer av det gjeldande rammeverket som EBA har publisert på nettstaden sin. Det gjeldande rammeverket omfattar ITS, valideringsreglar, DPM og ein taksonomipakke med mellom anna eksempelfiler. Sjå Finanstilsynet si nettside CRD Teknisk løysing for meir informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet.
Rapporteringa av store eksponeringar (COREPLE) skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart store engasjement rapporterte gjennom KRT‑1076‑ og KRT‑1077‑skjemaa i Altinn.
Verdipapirføretak skal levere store eksponeringar gjennom Altinn‑skjemaa KRT‑1476 og KRT‑1477 for referansedato 31. mars 2026. Etter denne datoen skal verdipapirføretak ikkje lenger levere store eksponeringar i påvente av nytt regelverk.
Kven skal rapportere?
Rapporteringskravet gjeld alle bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern.
Kva skal føretaka rapporteres?
Rapporteringa av store eksponeringar er delt i fire skjema:
- Høgaste grense for samla engasjement
- Identifikasjon av motpart
- Eksponeringar i og utanfor handelsporteføljen
- Informasjon om dei enkelte motpartane i ei gruppe av tilknytta motpartar
Rapporteringsfrister
Kvartalsvis rapportering både på solo- og konsolidert nivå:
Første kvartal: 12. mai
Andre kvartal: 11. august
Tredje kvartal: 11. november
Fjerde kvartal: 11. februar
Dersom rapporteringsdagen er på ein helligdag, laurdag eller søndag skal føretaket levere rapporten den neste arbeidsdagen.
CRD/CRR-rapporteringa
Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.
Kontakt banker og finansieringsforetak
Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post
Kontakt verdipapirområdet
Verdipapir- og marknadsteamet innan analyse og rapportering:
E-post