CRR Fundamental Review of the Trading Book (COREPFRTB)
Rapportering
CRR Fundamental Review of the Trading Book (COREPFRTB)
Rapporteringa av FRTB skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart kapitaldekningsrapporteringa rapportert gjennom KRT‑1402‑ og KRT‑1403‑skjemaa i Altinn.
Filnamnet for zip‑fila må følgje ein fastsett struktur. Ei nærare forklaring på korleis zip‑fila skal namngivast, finst på sida Krav til filnamn i e‑Reg.
Innhaldet i rapporteringa går fram av EBA sine tekniske standardar for rapportering og endringsstandarden. Sjå sida «CRD Teknisk løysing» for informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet som føretaka skal nytte ved rapporteringa.
Kven skal rapportere?
Bankar og kredittføretak i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern.
Alle føretak skal rapportere skjema C 90.00. Skjema C 91.00 avheng av terskelverdiar.
Kva skal føretaka rapportere?
Rapporteringa består av eit skjema for terskelverdiar og eit skjema for å berekne kapitalkrav under «Alternative Standardised Approach for market risk» (MKR-ASA). Rapporteringskrava i det nye rammeverket for marknadsrisiko vil gradvis bli utvida.
Rapporteringsfristar
Første kvartal: 12.mai
Andre kvartal: 11.august
Tredje kvartal: 11.november
Fjerde kvartal: 11.februar
Kontakt
Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post