Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
CRD Kapital, leverage ratio, IP-losses og minstekrav til risikovekt for utlån med pant i eiendom

CRD Kapital, leverage ratio, IP-losses og minstekrav til risikovekt for utlån med pant i eiendom

Sist publisert: 24. april 2025

Kapitalrapportering omfattar rapportering for kapitaldekning, leverage ratio, IP-losses og minstekrav til risikovekt for utlån med pant i eigedom (IRB). 

Rapportering

CRD Kapital mv. (KRT-1072, KRT-1073, KRT-1078, KRT-1079, KRT-1082, KRT-1092 og KRT-1093)

Innhaldet i rapporteringa går fram av EBA sine tekniske standardar for rapportering og for endringsstandarden deira. Sjå sida CRD Teknisk løsning for informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet som føretaka skal bruke når dei rapporterer. Finanstilsynet utarbeidde tidlegare ein eigen, uoffisiell rettleiing (ikkje oppdatert etter 29.04.2020). 

Rettleiinga frå EBA er oppdatert etter eksisterande rapporteringsskjema. Sjå lenka under.

Merk at det er halvårleg frekvens for rapportering av detaljert informasjon om konsoliderte selskap, verdipapirisering og operasjonell risiko (delar av skjema 6 og skjema 14 og 17 i ITS-en).

Føretaka skal rapportere «IP-losses» årleg på solo og konsolidert nivå. Berre norske filialar av utanlandske føretak (NUF) skal levere «IP-losses» i skjema KRT-1082. Andre føretak skal rapportere dette i skjema KRT-1078 og KRT-1079.

Føretak som nyttar IRB-modellen til å berekne kapitalkrav for kredittrisiko, skal rapportere minstekravet til risikovekt for utlån med pant i eigedom kvartalsvis på solo og konsolidert nivå. Dei skal nytte skjema KRT-1092 og KRT-1093.

Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.

  • CRD IV Teknisk løsning
  • XBRL - informasjon og rapporteringsmateriale fra EBA
  • Minstekrav-til-risikovekt-for-utlan-til-eiendomsengasjementer.xlsx
  • Veiledning til rapportering av IP-losses for NUF (pdf)
  • Rapporteringsskjema IP-losses for NUF (xlsx)
  • Informasjon om CRD-IV-rapportering via Altinn (pdf)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1072)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1073)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1078)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1079)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1082)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1092)

Gå til rapportering i Altinn (KRT-1093)

Om kapitaldekning

Kapitaldekningsregelverket skal gi betre risikostyring i institusjonane og sørge for betre samsvar mellom risiko og kapital.

Om uvekta andel kjernekapital (leverage ratio)

Den uvekta andelen kjernekapital har til hensikt å fungere som sikkerheit mot for lågt berekningsgrunnlag i kapitaldekningsberekningane, og sørge for at bankane held eit minimum av kapital, sjølv ved vridning av porteføljen mot lågrisikosegment.

Om eksponeringar og tap på utlån sikra i fast eigedom (IP-losses)

Nasjonale myndigheiter skal minst årleg vurdere om risikovekter for eksponeringar som er sikra i fast eigedom, er tilstrekkelege. Risikovekter og kriterium skal gjelde alle lån som er sikra med pant i eigedom i det aktuelle landet, uavhengig av kva som er heimlandet til långivaren. Myndigheitene sine vurderingar skal vere baserte på tapserfaringar. Myndigheitene pålegg difor institusjonane å rapportere tapa innan aktuelle marknadssegment etter eit bestemt format, jf. artikkel 101 i EU-forordninga (CRR, EU No. 575/2013).

Kven skal rapportere?

Bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern. Filialar av utanlandske kredittinstitusjonar i Noreg (NUF) skal berre rapportere IP-Losses.

Kva skal føretaka rapportere?

Kapitaldekningsrapporteringa under CRD IV i Noreg vil vere i tråd med EU-standardane som følger av «Implementing Technical Standards (ITS) on Supervisory Reporting». Norske skjema for kapitaldekningsrapportering følger av Annex I og II til denne ITS-en.

Rapporteringsfrister

Føretaka skal rapportere kapital (kapitaldekning, leverage ratio og IP-losses) kvartalsvis på solo og konsolidert nivå innan desse fristane:

1. kvartal: 12. mai
2. kvartal: 11. august
3. kvartal: 11. november
4. kvartal: 11. februar 

CRD/CRR-rapporteringa

Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.

EBA reporting frameworks

Altinn brukerservice

Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med 

  • Altinn brukerservice

Kontakt

Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post

Mer informasjon om kapitaldekning

  • Kapitaldekning

Relatert innhold

  • Teknisk standard fra EU-kommisjonen
  • Teknisk standard leverage ratio
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less