Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Rapportere >
Eigedomsmekling

Eigedomsmekling

Rapportere

Sist publisert: 8. november 2023

Eiegdomsmeklingsføretak og advokatar skal jamnleg rapportere til Finanstilsynet. Rapporteringspliktene skal gi Finanstilsynet informasjon om i kva grad føretaka følger lover og forskrifter, og innrapporteringa skal gi eit grunnlag for analyse av verksemda til føretaka, omsetnadstal og rekneskap.

Denne siden inneholder:

  • Halvårleg rapportering – eigedomsmeklingsføretak med løyve til å drive eigedomsmekling
  • Årleg rapportering – advokatar
  • For sikkerheitsstillarar – elektronisk innsending og opphøyr
  • Utanlandske sikkerheitsstillarar
  • Altinn brukerservice
  • Statistikk
  • Kontakt
  • Meir informasjon om eigedomsmekling

Halvårleg rapportering – eigedomsmeklingsføretak med løyve til å drive eigedomsmekling

Rapporteringsfristen er 1. mars (tal for andre halvår) og 1. september (tal for første halvår). 

Halvårleg rapportering etter eigedomsmeklingsforskrifta § 2-9 er med verknad frå rapporteringsperioden første halvår 2012 overført til Altinn. Dette gjeld både føretaka si rapportering av omsetnadstal og rekneskap (KRT-1012) og rapportering knytte til klientmiddel med fråsegn frå revisor (KRT-1010). Det er ikkje lenger høve til å levere halvårsoppgåver og fråsegn frå revisor på papir.

  • Rapportering til Finanstilsynet – varsel om utvidet informasjonsinnhenting (pdf)
    • Vedlegg (xlsx)
  • Eiendomsmeglingsforetakenes rapportering av omsetningstall og regnskap (KRT-1012)
  • Foretakets behandling av klientmidler med revisors uttalelse (KRT-1010)

Elektroniske skjema vil vere tilgjengelege i meldingsboksen til føretaket i Altinn frå starten av januar og juli.

Årleg rapportering – advokatar

Rapporteringsfristen er 1. mars.

Rapportering etter eigedomsmeklingsforskrifta § 2-9 er med verknad frå rapporteringsperioden 2012 overført til Altinn. Det er ikkje lenger høve til å levere årsoppgåver på papir.

Det elektroniske skjemaet (KRT-1012) vil vere tilgjengeleg i den personlege meldingsboksen i Altinn frå starten av januar. Advokatar rapporterer som person, og dei må bruke fødselsnummeret sitt for å logge inn i Altinn.

  • Rapportering til Finanstilsynet – varsel om utvidet informasjonsinnhenting (pdf)
    • Vedlegg (xlsx)
  • Eiendomsmeglingsforetakenes rapportering av omsetningstall og regnskap (KRT-1012)

For sikkerheitsstillarar – elektronisk innsending og opphøyr

Finanstilsynet har teke i bruk elektronisk rapportering for å registrere nye og opphøyrte sikkerheitsstillingar. Altinn-skjema «Sikkerheitsstillingar (KRT-1026)» / «Sikkerhetsstillelser (KRT-1026)» har erstatta noverande manuelle innsendingar av nye og opphøyrte sikkerheitsstillingar. Her er skjemaet sikkerheitsstillarar skal nytte for å rapportere:

  • Sikkerhetsstillelser (KRT-1026)

Utanlandske sikkerheitsstillarar

For å rapportere sikkerheitsstillingar elektronisk i Altinn må føretaket ha eit norsk organisasjonsnummer. Utanlandske forsikringsselskap må derfor halde fram med å sende inn nye og opphøyrte sikkerheitsstillingar manuelt.

Altinn brukerservice

Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med 

  • Altinn brukerservice

Statistikk

  • Statistikk for eiendomsmegling

Kontakt

Har du faglege spørsmål, ta kontakt med:

Geir Haatveit

Tlf: 22 93 98 03

E-post

Meir informasjon om eigedomsmekling

  • Konsesjon
  • Tilsyn
  • Regelverk
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less