Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse onsdag 22. juni
Nyheter
Publisert: 20. juni 2022
Sist endret: 22. juni 2022
Finanstilsynet legg fram rapporten «Forbrukervern og finansielle tjenester – 2022»
Tid: Onsdag 22. juni kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
For første gongen legg Finanstilsynet fram ein rapport med forbrukarvern i finansmarknaden som eit eige tema. Vi vil mellom anna omtale lån og kreditt, investeringstenester og sparing med særleg vekt på forbrukarvern.
Pressekonferansen blir overførd via nett-tv òg
Pressekonferansen blir overførd via nett-tv òg
Seksjonssjef for åtferdstilsyn på bank- og forsikringsområdet Jo Gjedrem vil presentere rapporten saman med seksjonssjef for fond og kollektive investeringar Britt Hjellegjerde.
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan tysdag 21. juni kl. 15.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga.
Etter pressekonferansen er det mogleg å avtale ein-til-ein-intervju per telefon eller Teams ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf. 40 90 03 50.