Nett-tv - pressebrief om ROS-analysen 2021 onsdag 12. mai
Nyheter
Publisert: 7. mai 2021
Den årlege rapporten til Finanstilsynet om risiko og sårbarheit i finanssektoren sin bruk av IKT oppsummerer funn i 2020 og omtaler utviklingstrekk og korleis føretaka og bransjen etterlever regelverket.
Det er inga påmelding til pressebriefen, og han er åpen for alle interesserte.
Tid: onsdag 12. mai kl. 10.30–11.30
Seksjonssjef for IT og betalingstenester Olav Johannessen vil presentere ROS-analysen.
Blant temaa han vil presentere, er:
• Digital kriminalitet og svindel
• Sårbarheit ved finansføretaka sin bruk av IKT
• Utviklingstrekk i finansiell teknologi og utkontraktering
• Betalingssystema og -tenester
• Resultat frå tilsyn med føretak og oppfølging av rapporterte hendingar i føretaka og av Finanstilsynet
• Føretaka si handtering av koronasituasjonen
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Seksjonssjef Olav Johannessen er tilgjengeleg for telefonintervju rett etter sendinga. Media som ønsker intervju, kan sende e-post til: info@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf.nr.: 40 90 03 50.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.