Høg aktivitet i investeringstenester i verdipapirføretak i 2017
Nyheter
Publisert: 2. juli 2018
Sist endret: 29. august 2018
I 2017 hadde verdipapirføretak som ikkje er bank, samla inntekter frå investeringstenester på 6705 millionar kroner. Dette er 1254 millionar kroner (23 prosent) høgare enn i 2016.
Tallgrunnlag
Inntekstveksten til verdipapirføretak som ikkje er bank, må sjåast i lys av at driftsinntektene i første halvår 2016 var dei lågaste sidan 2004. I 2017 var samla driftsinntekter for desse føretaka på 7021 millionar kroner, som er 1279 millionar kroner (22 prosent) høgare enn i 2016.Samtidig steig samla driftskostnader med 1024 millionar kroner (22 prosent), slik at det samla driftsresultatet blei 255 millionar kroner (24 prosent) høgare enn i 2016.
Verdipapirføretak som er bank, hadde i 2017 samla inntekter frå investeringstenester på 7278 millionar kroner. Dette er 695 millionar kroner (9 prosent) lågare enn i året før. Dei norske filialane av utanlandske verdipapirføretak, som er dominerte av bankar, hadde i 2017 samla inntekter frå investeringstenester på 3254 millionar kroner. Dette er 137 millionar kroner (4 prosent) lågare enn i 2016.
Ved utgangen av 2017 var det 106 norske verdipapirføretak, og av desse var 23 bankar. Tilsvarande tal ved utgangen av 2016 og 2015 var 108 og 25, og 114 og 26.
Merk: Det blir nytta foreløpige tal i rapporteringa til Finanstilsynet, og det kan derfor forekomme avvik samanlikna med samanliknbare tal i årsrekneskapen, og det kan komme korrigeringar i talgrunnlaget som ligg til grunn for pressemeldinga.
På grunn av ny utforming av halvårsoppgåva som tala blir henta frå f.o.m. første halvår 2016, er relevant samanlikningsgrunnlag frå tidlegare år avgrensa.
Rapporteringa til Finanstilsynet inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirføretakverksemd i bank og norske filialar av utanlandske verdipapirføretak.
Verdipapirføretak som ikkje er bank
Som i tidlegare år, var dei viktigaste inntektskjeldene i 2017 for verdipapirføretak som ikkje er bank, corporate finance-verksemd, investeringsrådgiving og utføring av ordrar.
Inntektene frå corporate finance-verksemd utgjorde 3353 millionar kroner, som er 944 millionar kroner (39 prosent) høgare enn i 2016. I 2017 utgjorde desse inntektene halvparten av inntektene frå investeringstenester, som er 6 prosentpoeng høgare enn i året før. Verdipapirføretaka som ikkje er bank, hadde med det ein del på 74 prosent av dei samla inntektene frå slik verksemd i 2017. Dette er medrekna inntektene frå same teneste i bankar og filialar av utanlandske verdipapirføretak. I 2016 var denne delen 73 prosent og 76 prosent i 2015.
Investeringsrådgiving gav inntekter på 1118 millionar kroner i 2017, som er 131 millionar kroner (13 prosent) høgare enn i 2016. I 2017 utgjorde desse inntektene 17 prosent av inntektene frå investeringstenester, som er 1 prosentpoeng lågare enn året før. Verdipapirføretak som ikke er bank, hadde dermed ein markedsdel på 51 prosent innan dette segmentet, mot 52 prosent i 2016.
Inntektene frå utføring av ordrar blei 946 millionar kroner i 2016, som er 50 millionar kroner (6 prosent) høgare enn i 2016. I 2017 utgjorde desse inntektene 14 prosent av inntektene frå investeringstenester, som er 2 prosentpoeng lågare enn året før. Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, hadde dermed ein marknadsdel på 21 prosent innan dette segmentet, mot 20 prosent i 2016.
Kapital under aktiv forvalting var på 106 milliardar kroner ved utgangen av 2017. Dette er 2 milliardar kroner mindre enn eitt år tidlegare. 30 prosent av kapital under aktiv forvalting var plassert i eigenkapitalinstrument, 27 prosent var plassert i gjeldsinstrument, og 23 prosent var plassert i verdipapirfondsdelar. Tilsvarande tal eitt år tidlegare var 29, 34 og 18 prosent.
Ved utgangen av 2017 var 1995 årsverk dedikerte til investeringstenesteverksemd i verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, som er 66 (3 prosent) fleire enn eitt år tidlegare.
Verdipapirføretak som er bank
Dei viktigaste inntektskjeldene til bankane innan investeringstenesteverksemd var i 2017, som i dei førre åra, utføring av ordrar på vegner av kundar og market making / eigenhandel. I 2017 utgjorde desse inntektene 5228 millionar kroner, som er 809 millionar kroner (13 prosent) lågare enn i 2016. I 2017 utgjorde desse inntektene 72 prosent av inntektene til bankane frå investeringstenester, som er 4 prosentpoeng lågare enn året før.
Kapital under aktiv forvalting var på 19 milliardar kroner ved utgangen av 2017. Dette er 16 milliardar kroner høgare enn eitt år tidlegare. Årsaka til auken er hovudsakeleg at Gjensidige Investeringsrådgivning AS fusjonerte med Gjensidige Bank ASA.
Ved utgangen av 2017 var 1111 årsverk dedikerte til investeringstenesteverksemd i bankane, som er om lag det same som eitt år tidlegare.
Filialar av utanlandske verdipapirføretak
Alle dei største norske filialane av utanlandske verdipapirføretak høyrer til bankar. Filialane og bankane sine samansetnader av inntekter frå investeringstenester er dermed i svært høg grad samanfallande. Dei viktigaste inntektskjeldene, market making / eigenhandel og utføring av ordrar på vegner av kundar, genererte 1602 millionar kroner i inntekter for filialane i 2017, som er 466 millionar kroner (23 prosent) lågare enn i 2016. I 2017 utgjorde desse inntektene rett i underkant av halvparten av filialane sine inntekter frå investeringstenester, som er 12 prosentpoeng lågare enn året før.
Ved utgangen av 2017 var 881 årsverk dedikerte til investeringstenesteverksemd i filialane, som er 66 (7 prosent) færre enn eitt år tidlegare.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.