Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
EBA publiserer den endelege taksonomien for Reporting Framework 4.2

EBA publiserer den endelege taksonomien for Reporting Framework 4.2

Nyheter

Publisert: 5. desember 2025

Den endelege taksonomien, «Reporting Framework» versjon 4.2, som Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 25. november, markerer eit viktig steg i overgangen til DPM 2.0 og nye rapporteringsstandardar i banksektoren i EU.

Informasjon om endringane med Reporting Framework 4.2 og tilhøyrande dokument er tilgjengelege på nettstaden til EBA:

  • Reporting framework 4.2 

Hovudendringane i Reporting Framework 4.2

Som Finanstilsynet har informert om tidlegare, er rapporteringsformatet XBRL CSV obligatorisk for føretaka si rapportering til EBA, med referansedato frå og med 31. mars 2026. Det er nokre unntak, der XBRL CSV blir obligatorisk før 31. mars 2026, og det gjeld områda MICA, PILLAR 3, DORA og Resolution Planning. 

Den nye taksonomien inneber også endringar innanfor desse temaa:

  • Instant Payments
  • Resolution Planning
  • Operasjonell risiko (COREP OF)
  • MREL decisions
  • Supervisory benchmarking for market risk

Rapporteringar til Finanstilsynet på XBRL CSV-formatet skal rapporterast inn via Finanstilsynet si nye portal-løysing: e-Reg 

Portalen blir testa no med ei referansegruppe. Vi vil publisere meir informasjon om e-Reg på nettstaden etter nyttår.

Relatert innhald

  • Innføringen av XBRL CSV som obligatorisk rapporteringsformat er utsatt til 31. mars 2026
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less